FITJAR SKULEKORPS

Aspirantar

Er du, eller nokon du kjenner,  glad i musikk og/eller drøymer om å spela eit instrument?
Då kan Fitjar Skulekorps vera noko for deg!
Tysdag 22.juni kl.17-1745 (i FKIB -speilsalen) ynsker korpset å invitera elevar frå 2-5.klasse (hausten 2021/2022 ) til prøving av instrument.
Det blir og info til foreldre om det å ha ungar i Fitjar skulekorps.
Det er uforpliktande å melda seg på, men me håpar dette gjev inspirasjon til å starta i Fitjar Skulekorps.
På grunn av korona må ein melda seg på!
Gi beskjed til dirigent/instruktør Svein Roger Koppang dersom dette høyres spennande ut og om du har lyst til å delta på dette
Send SMS med navn og alder på barnet innan 22.juni kl.1000 til Svein Roger, mob: 986 61 986
Velkomen!
 
 

Meir om korpset og informasjon om korleis ein melder seg inn/søkjer plass finn ein HER .

Fitjar skulekorps ynskjer nye aspirantar velkomne kvar haust. Korpset har ei slik ordning at ein melder seg inn i Fitjar kulturskule, og får der i fyrste omgang undervising på kornett. Etterkvart kan ein skifta til andre instrument. Elevane har undervising ein gong i veka. Etter eit år som aspirantar tek elevane til i skulekorpset. Dei som går i skulekorpset har i tillegg fortsatt gruppeundervising i kulturskulen.
Elevavgifta i kulturskulen er er 1 635,- pr halvår, med moderasjon for søsken og fleire plassar (2021).
Hausten 2021 og våren 2022 vil Fitjar kommune sitt fritidskort gje redusert kontingent. (Les meir HER .)
Aspirantundervisinga føregår i  speilsalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Elevane låner instrument av skulekorpset.

Søknadsfrist for kulturskulen er i mai, med utvida søknadsfrist for aspirantopplæring.

Skuleåret 2018/19 har korpset 6 aspirantar
Skuleåret 2017/18 har korpset 8 aspirantar
Skuleåret 2016/17 har korpset 7 aspirantar
Skuleåret 2015/16 har korpset 7 aspirantar
Skuleåret 2014/15 har korpset 9 aspirantar
Skuleåret 2013/2014 har korpset 8 aspirantar.
Skuleåret 2012/2013 har korpset 4 aspirantar.
Skuleåret 2010/2011 har korpset 11 aspirantar.
Skuleåret 2009/10 hadde korpset 9 aspirantar.
Skuleåret 2008/09 hadde korpset 11 aspirantar.

Klikk på korpslogen/huset for å koma tilbake til framsida.