FITJAR SKULEKORPS

Spaniatur 22.-27. juni 2023

. Foto: Hotel Parasol Garden, Torremolions, Spania
Fitjar skulekorps 2022/23
Fitjar skulekorps 2022/23
Malaga, Spania
Malaga, Spania
Playamar-stranda, Torremolinos
Playamar-stranda, Torremolinos
Festival Tropical
Festival Tropical

22.-27. juni 2023 reiser korpset på forseinka 60-års jubileumstur til Spania.
Arrangør for turen er korpstur.no/TravelMaker, og turen går til korpsfestivalen Festival Tropical  i Torremolinos (eit lite stykke vest for Malaga).

Me reiser med fly (Norwegian) frå Bergen til Malaga torsdag 22. juni kl 11.30 (oppmøte kl. 9.30), og skal bu på hotell Parasol Garden i Torremolinos, der me får halvpensjon (frokost og middag + lunsj to dagar). Hotellet ligg 50  meter frå den store flotte Playamar-stranda. På hotellet er det utandørsbasseng, rom med klima-anlegg og balkong (me skal bu på 3- og 4-mannsrom, bortsett frå dei som har bestilt seg 2-mannsrom) og gratis Wi-Fi. Programmet vert enkelt og kjekt, med bl.a speling på korpsfestivalen to ettermiddag/kveldar, litt øving, og god tid til basseng- og strandliv.

Kostnader
Turen kostar 8 990,- pr person, men vert sponsa ein del av korpset. Musikantane skal betala 4 500,- for turen, og føresette vert støtta med 2 000,- ,
I tillegg må kvar og ein betala for reisa tur/retur Flesland, mat på reisedagane, lunsj to dagar og ev mellommåltid i Spania.  Fristen for bindande påmelding, bestilling av enkelt-/dobbeltrom og melding om at eit ikkje skal vera med på felles retur er no ute.
Dobbeltromstillegget er 400,- pr person for heile turen (800,- pr rom), og dei som har bestilt dette får det. Alle andre blir innlosjert på tre- eller firemannsrom, fordelt av komiteen. Romfordelinga får ein ved ankomst til hotellet.
Dei som ikkje skal vera med på felles retur, og som melde frå om det ved bindande påmelding, har fått eit fråtrekk på 650,- på turprisen.
Dei som reiser heim på eiga hand må sjølvsagt sjølv ordna med vidare overnatting, flyreise heim og frakt av eigne instrument.

Som informert om på ekstraordinært årsmøte måndag 13. mars så vert det bestilt inn turkise t-skjorter til alle som skal vera med på turen. Musikantane får denne av korpset, medan dei føresett må betala 100,- for si t-skjorte.  Det skal og betalast 110,- pr person pr måltid for to felles lunsj-buffear på hotellet, totalt 220,- pr person.

Dersom kursen endrar seg kan det koma endringar i turprisen
- NB! Dette har skjedd! Kronekursen er svak og det er kome valutapåslag på alle prisane. Styret har bestemt at noko av dei ekstra kostnadane dekkjer korpset, resten må ein betala sjølv. Vaksne skal betala eit påslag på 530,- pr person (dette inkluderer turkis t-skjorte). Musikantane skal betala 330,- pr person ekstra. Valuttapåslag på dobbeltrom er 200,- pr person.
 


Reisa
Reisa går med direkte-fly (Norwegian) tur/retur Bergen - Malaga, med avreise frå Bergen torsdag 22. juni kl. 11.30. Dette er to dagar før grunnskulen får ferie, og kvar familie må søkja sine ungar fri frå skulen 22. og 23. juni. Oppmøte på Flesland er kl. 9.30. Alle må koma seg til og frå Flesland på eiga hand, og betala den delen av reisa sjølv. Det går fint å reisa med kollektivtransport.
I Spania vert me frakta til og frå flyplassen med eigen buss. Me vert og skyssa med buss fram og tilbake dit korpset skal spela. Det vert tidleg heimreise frå Malaga tysdag 27. juni. Avreise frå hotellet klokka 4.40, flyet går klokka 7.00 og me landar på flesland kl. 10.50.

 

Bagasje
Me reiser med Norwegian, og kvar person har lov å ha med seg to stk innsjekka bagasje á 23 kg. Her disponerer ein i utgangspunktet berre ein av kolliana sjølv. Den andre kan måtta brukast til korpsbagasje, til eige instrument, andre sitt instrument eller anna utstyr. Alle kan og ha med ein stk handbagasje på max 10 kilo. Dei som spelar små instrument (kornett, althorn og ev trombone) må ta med instrumentet som handbagasje. Alle kan uansett ha med ei lita veska (maks 55x40x23 cm) i tillegg med inn på flyet. Sjekk gjerne Norwegian sine bagasjereglar og reglar for handbagasje (NB det er eigne reglar for instrument som bagasje, dette har korpset kontroll på)
Meir informasjon om bagasje vert gjeve på foreldremøtet som det vert kalla inn til før turen.

Tur-reglar
Minner om § 7 i vedtektene til korpset som seier at "Turar og arrangement i regi av korpset skal vera alkoholfrie."
Komiteen/styret vil utarbeida eit skriv med rettningslinjer/reglar for turen som vert lagt fram på foreldremøtet.

Informasjonsskriv og betalingsinformasjon
Informasjonsskrivet, som vart sendt på mail til ein føresett i kvar familie som har nokon som skal vera med på turen, finn de i dokumentet under her. Saman med informasjonsskrivet vart det og sendt ut betalingsinformasjon. Ta kontakt med Arnhild J Raunholm dersom du ikkje har motteke betalingsinformasjon/infoskriv. Betalinga kan delast i to, med betalingsfristar 01.04.23 og 01.05.23.
Det vart sendt ut betalingsinformasjon for valuttapåslaget på mail i midten av mai, med betalingsfrist 1.06.23. I den mailen vart det og informert om bekledning på turen.

Bekledning
Det er bestilt inn turkise t-skjorter og kvite capsar som styret har vedteke at skal brukast under reisa, saman med den grå korps-hettegenseren. Heile turfølgjet får utdelt t-skjorter før turen, og det er fint om dei føresette som har grå korps-hettegenser og brukar denne. (Det vart teke opp bestilling på hettegensrar til føresette då gensrane vart kjøpt inn for nokre år sidan)
Som uniform under begge spelingane i Spania er det bestemt at musikantane skal bruka den kvite korps t-skjorta saman med svart underdel (Shorts, tights eller skjørt i cirka knelengde/ned til knea) og den kvite capsen dei får utdelt. Det er viktig at alle musikantane tar med ei ekstra, vanleg kvit t-skjorte som dei kan bruka på dag to dersom korps t-skjorta er blitt skitten/utsvetta. Kvar musikant må sjølv skaffa seg svart underdel og enkel kvit t-skjorte. Kva sko ein brukar til uniforma er valfritt.

Det vil bli kalla inn til foreldremøte i forkant av turen.

Turkomiteen består av:
Arnhild J Raunholm (leiar), Kjetil Hjelle (styrerepresentant), Elisabeth Livastøl, Kristine Sævdal Aarbø, Bjørn Kristian Grimen og Helga Rimmereid.

PS! Hugs gyldig pass, reiseforsikring, helsetrygdekort og å opna regionsperra på bankkortet for bruk i Europa. Sjekk mobilopperatøren/abonnementet ditt ang prisar på ringing, meldingar og databruk i Spania.

 

   


Get Adobe Reader

 Infoskriv, Spania-tur 2023 Read file