FITJAR SKULEKORPS

Spaniatur 22.-27. juni 2023

. Foto: Hotel Parasol Garden, Torremolions, Spania
Fitjar skulekorps 2022/23
Fitjar skulekorps 2022/23
Malaga, Spania
Malaga, Spania
Playamar-stranda, Torremolinos
Playamar-stranda, Torremolinos
Festival Tropical
Festival Tropical

22.-27. juni 2023 reiser korpset på forseinka 60-års jubileumstur til Spania.
Arrangør for turen er korpstur.no/TravelMaker, og turen går til ein korpsfestival i Torremolinos (eit lite stykke vest for Malaga).

Me reiser med fly frå Bergen til Malaga, og skal bu på hotell Parasol Garden i Torremolinos, der me får halvpensjon (frokost og middag). Hotellet ligg 50  meter frå Playamar-stranda. På hotellet er det utandørsbasseng, rom med klima-anlegg og balkong (me skal bu på 3- og 4-mannsrom) og gratis Wi-Fi. Programmet vert enkelt og kjekt, med bl.a speling på korpsfestivalen to kveldar.

Turen kostar 8 990,- pr person, men vert sponsa ein del av korpset. Musikantane skal betala 4 500,- for turen, og føresette vert støtta med 2 000,- , Fristen for bindande påmelding, bestilling av enkelt-/dobbeltrom og melding om at eit ikkje skal vera med på felles retur er no ute. Dobbeltromstillegget er 400,- pr person for heile turen (800,- pr rom), og dei som har bestilt dette får det. Alle andre blir innlosjert på tre- eller firemannsrom, fordelt av komiteen. Dei som ikkje skal vera med på felles retur får eit fråtrekk på 650,- på turprisen. Dei som reiser heim på eiga hand må sjølvsagt sjølv ordna med vidare overnatting, flyreise heim og frakt av eigne instrument.

Reisa går med direkte-fly tur/retur Bergen - Malaga, med avreise frå Bergen torsdag 22. juni og heimreise frå Malaga tysdag 27. juni.

 

Det er no sett ned ein turkomite som fortset arbeidt som styret starta. Turkomiteen består av: Arnhild J Raunholm (leiar), Kjetil Hjelle (styrerepresentant), Elisabeth Livastøl, Kristine Sævdal Aarbø, Bjørn Kristian Grimen og Helga Rimmereid.

 

Minner om § 7 i vedtektene til korpset som seier at "Turar og arrangement i regi av korpset skal vera alkoholfrie."

 

Informasjonsskrivet, som vart sendt på mail til ein føresett i kvar familie som har nokon som skal vera med på turen, finn de i dokumentet under her. Saman med informasjonsskrivet vart det og sendt ut betalingsinformasjon. Ta kontakt med Arnhild J Raunholm dersom du ikkje har motteke betalingsinformasjon/infoskriv. Betalinga kan delast i to, med betalingsfristar 01.04.23 og 01.05.23.

 

Som informert om på ekstraordinært årsmøte måndag 13. mars så vert det bestilt inn t-skjorter til alle som skal vera med på turen. Musikantane får denne av korpset, medan dei føresett må betala 100, for si t-skjorte. Styret krev inn desse pengane.


Meir turinformasjon og oppdateringar vil bli lagt ut på denne sida fortløpande.

   


Get Adobe Reader

 Infoskriv, Spania-tur 2023 Read file