FITJAR SKULEKORPS

Hausten 2021

. Foto: Helga Rimmereid

Plan for hausten 2021 med vaktliste finn de i det første dokumentet under her (sist oppdatert 12.10.21). Oversikt over oppgåvene til foreldrevaktene finn ein HER .

NB! Musikklaget sin marknad som skulekorpset skal spela på er flytta frå søndag 31.oktober til torsdag 28.oktober! Oppmøte/speleklar kl. 17.30. (Ikkje gruppeøvingar denne dagen)

Fitjar Skulekorps er trekt som vinnar til ABBs sponsorfond og har fått tildelt ei gåve på 25.000,-. Skulekorpset er svært takksame for gåva!

Laurdag 13.november er det ÅRSFEST for Fitjar skulekorps. Invitasjon finn ein i det andre dokumentet under her. Hugs påmelding innan 4.november. (NB! Årsfesten og kalendersalet har ulike vippsnummer!)

På øvinga måndag 25. oktober får musikantane utdelt adventskalendrar som dei skal selja. Salsperioden er frå 25. oktober til 22.november. Meir info finn ein HER .

 

Korleis ein søkjer seg inn i Fitjar skulekorps kan ein lesa HER .

I haust skal korpset  delta i korpskonkurransen Fanafestivalen. Det er viktig at musikantane får ei best mogleg oppleving og meistringskjensle når dei deltek på konkurranse eller større prosjekt. Av den grunn har ein øvingshelg veka før. Å vera med på øvingsseminar er viktig for det musikalske, og det sosiale, og er med på å skapa trivsel og speleglede.

 

Skulekorpset fekk våren 2021 ei pengegåve/støtte frå Leirvik AS, og korpset takkar så mykje for gåva!
 

   


Get Adobe Reader

Read file
 Hausten 2021




Get Adobe Reader

Read file
 Invitasjon årsfest