FITJAR SKULEKORPS

Øvingshelg, august 2009

Korpset hadde øvingshelg på Rimbareid skule siste helga i august. Søndag føremiddag spelte korpset under søndagsskulens dag i Fitjar kyrkje og ved Fitjar bedehus.

Korpset spelte 3 songar under gudstenesta. Etter gudstenesta marsjerte dei frå kyrkja til bedehuset der dei spelte King size.
Musikkantane fekk så kvar si pølse før øvingshelga fortsatte på skulen.