Fitjar Skulekorps
FITJAR SKULEKORPS
 • Korpset    • Årsplanar    • Turar    • Foto    • Lydfiler    • Presseomtale    • Internt    • Ymse    • Dirigent-hjørna    • Aspirant-sider    • Brassanova     • Gjestebok    • Heim  

 

 

   Internt
    - Øvingshelg og tur til Fodno
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 150 974

 

 



Korps på friluftstur

Aprilspøk vert til alvor og det er no klart for strikking av "Korps på tur"-huer.

Slik stod det å lesa på korpset si heimeside 1. april 2015:

" Korps på tur - bestill huer

Prosjektet «Korps på friluftstur» i regi av NMF Hordaland er nett tildelt ein million kroner av Gjensidigestiftelsen.

Prosjektet går ut på at korpsa skal ta med instrumenta ut i turløypene og spre musikalske opplevingar. Ideen med prosjektet kom opp i samband med at det i år er friluftslivets år. Korps som ønskte å delta i prosjektet kunne søka om å få vera med, og dei som vart plukka ut og som gjennomførde kriteria vart lova 60 000,- i støtte til instrument eller inspirasjonsseminar. Ein kan lesa om prosjektet og kriteria for å delta her.

Etter ei samling med styret og alle nemnder i korpset like etter årsmøtet sendte Fitjar skulekorps inn søknad om å få delta i prosjektet. 60 korps i Hordaland søkte og Fitjar skulekorps var eit av 15 korps som vart plukka ut til å vera med. No ventar korpsmusikk i friluft på Fitjar, og ein god slant til instrument eller seminar for skulekorpset.

I løpet av prosjektperioden frå 1. april til 1. oktober skal korpset gjennomføra tre ulike friluftsturar. Korpset har den siste tida oppdatert uniforma med først sløyfer som erstatting for slips, t-skjorte som enklare og lettare uniform og collegjakke som ei meir moderne jakke, i tillegg til den vanlege grøne uniforma. I samband med Korps på friluftstur ynskjer uniformsnemnda å utvida garderoben ytterlegare med ei tur-hua, ala kvikk-lunsj-hua, med teksten Korps på friluftstur. Astrid Marie Skumsnes i uniformsnemnda har teke på seg å strikka huene og er utolmodig etter å koma igang no når det er ferie, sidan ho har ein stor jobb framfor seg om ho skal koma i mål med alle 49 huene som trengs innan første tur. Det er difor viktig at alle musikantane måler hovudomkretsen sin og sender denne på ei melding til Astrid på tlf. 480 32 631 snarast, og seinast i løpet av første dag i prosjektperioden som er 1. april." (sitat slutt)

FRÅ SPØK TIL ALVOR
At Fitjar skulekorps er plukka ut til å vera med på Korps på friluftstur-prosjektet er heilt korrekt. At uniformsnemnda hadde bestemt å utvida uniformsgarderoben med heimestrikka tur-huer var ein rein april-spøk. Men no held aprilspøken på å verta verkeleg. Det er bestemt at til prosjektet "Korps på tur" skal korpset ha strikkahuer med den teksten. Med 49 musikantar i korpset vert nok strikkejobben alt for stor for Astrid Marie Skumsnes i uniformsnemnda og det kjem til å verta delt ut pakkar med tråd og mønster til dei som kan og vil strikka. Ein håpar mange foreldre kan strikka huer til sine musikantar og gjerne til andre musikantar som ikkje har strikkeglade folk i slekta.  Alle skal ha huer, både musikantane i korpset, årets aspirantar og dei aspirantane som startar i korpset til hausten.

Ta kontakt med Kari tlf.414 02 845 eller Liv Mari tlf.908 64 837 dersom du ikkje kan strikka eller dersom du har spørsmål om dette strikkeprosjektet/strikkedugnaden.
Første trådutlevering vert måndag 20 april!

OBS! Dette kan jo verta ein kjekk aktivitet på sommarturen til Tyskland :)
 

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Fitjar skulekorps