FITJAR SKULEKORPS

HUBB - Hordaland UngdomsBrassBand

Klare for HUBB

56

Fem flinke musikantar frå Fitjar skulekorps har no fått plass i Hordaland Ungdoms Brass Band.

 

-Du likar utfordringar og å prøva nye ting, ikkje sant?
Dette var dirigent i Fitjar skulekorps, Svein Roger Koppang, sitt spørsmål til tubaist Audun Arthur Mehammer (17 ) før han melde han på til opptak i Hordaland Ungdoms Brass Band (HUBB).  Audun er ikkje den einaste  frå Fitjar som Svein Roger meinte er klar for HUBB. Anne Lunde (18), Ragnhild Prestbø (17), Eva Marie Vevle Tufte (16) og Helga Jordan Raunholm (15) vart og meldt inn til opptak samstundes med Audun. 

Måndag kveld  tok eg ein tur innom øvinga til Fitjar skulekorps for å prata med dei fem ivrige musikantane. Eg møtte fire av dei i speilsalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg, der korpset har øvingane sine. Dei strålte og snakka villig om korpsmusikk og HUBB. Dei er over gjennomsnittet interessert i brass-musikk, og både Anne og Ragnhild  (og Eva Marie Vevle Tufte som ikkje var til stades på øvinga denne dagen) går på musikklinja ved Stord vidaregåande skule med kornett, euphonium og althorn som hovudinstrument.  

-HUBB vart starta i 2005 og skal vera noko å strekka seg etter for dei eldste korpsmusikantane, og vera ein plass der dei kan få spela på sitt nivå, fortel Ragnhild ivrig.
Jentene har vore på fleire musikksommarskular der dei har høyrt om HUBB. Korpset skal vera med på å gje fleire messingblåsarar høve til å vera med i eit regionalt ungdomskorps, og er såleis eit tillegg til Hordaland Ungdoms Korps (HUK) som er eit janitsjarkorps.  Anne, Ragnhild og Helga kjenner fleire av dei som er med i HUBB. For Audun er alt heilt ukjend, men til liks med jentene er han heilt klar for nye musikalske utfordringar.  Ungdomskorpset har øvingshelger fire gongar i året på ulike stader i Hordaland, og kvar slik helg vert avlsutta med ein konsert, forklarde Anne.

-Strålande, heilt utruleg og eit stort inspirasjonsløft for desse fem musikkantane, seier leiar i styret i korpset, Ole Christian Ottestad.
Dette er første gong nokon frå Fitjar er teken opp i HUBB. Ole Christian  ler stolt og seier at dette hadde han aldri trudd; at heile fem stykker frå Fitjar skulekorps skulle få plass i dette ungdomskorpset som samlar dei beste musikantane frå heile Hordaland!

HUBB krev eigentleg prøvespeling, men på grunn av sterke anbefalingar kom alle fem musikantane frå Fitjar direkte inn utan å måtta bevisa kva dei er gode for. Ungdomane kjenner seg litt stolte, med god grunn. Dei stråler og ser fram til nye musikalske utfordringar og ikkje minst den første samlinga dei skal få vera med på, i starten av september.