FITJAR SKULEKORPS

Advent og jul 2018

Tradisjon tru fylte Fitjar skulekorps sentrum, sjukeheimen og Havnahuset med juletonar 1. søndag i advent. Dagen vart avslutta med speling under tenninga av julegrana utanfor rådhuset. Ein kan lesa om dette på Fitjarposten HER  .

Allereie dagen før, laurdag 1. desember, var nokre av musikantane i sving under julemarknaden i LitlaOla-tunet. Det kan ein lesa om på Fitjarposten HER .

Torsdag 6. desember spelte Fitjar skulekorps på kulturskulen sin julekonsert i kyrkja, og søndag 9. desember spelte dei på kyrkja sin eigen julekonsert same stad. Den siste konserten kan ein lesa om HER.

Tysdag 11. og onsdag 12. desember spelte deler av korpset (Brassanova) på kulturskulen si framsyning Fitjarnissane feirar jul. Den framsyninga kan ein lesa om på Fitjarposten HER.