FITJAR SKULEKORPS

Sotrafestivalen 2012

Fitjar skulekorps deltok i korpskonkurransen Sotrafestivalen laurdag 17. november.

Sotrafestivalen gjekk føre seg på Fjell ungdomsskule, Sotra videregående skule og Bildøyhallen som alle ligg på Bildøy i Fjell kommune.

I år var 41 korps med i konkurransen, i fire divisjonar og to kategoriar (brass og janitsjar)

Fitjar skulekorps spelte i år i 2. divisjon brass og skulle på scenen i gymnastikksalen på Fjell ungdomsskole klokka 13.15. Oppvarminga tok til klokka 12.50. På grunn av forsinkinga i programmet kom Fitjar på scenen først klokka 13.35.

Fitjar spelte stykket The Bold and the Brave av Rickard Rock. Stykket består at dei tre satsane: Into the unknown, A new hope og The final chapter. På den andre satsen er det euphoniumsolo, som vart spelt av Ragnhild Prestbø. Fleire musikantar hadde mindre soloparti i løpet av stykket.

Om kvelden var det festkonsert med premieutdeling i Bildøyhallen like ved Fjell ungdomsskule. Festivalkorps i år var Sandviken ungdomsskorps, og dei hadde ein halv times konsert før resultata frå konkurransane vart offentleggjort.

Fitjar skulekorps kom på ein klar 3. plass med 100 poeng. Dei fekk 93 poeng for det musikalske og 7 poeng for programmet.

Resultatliste 2. divisjon brass:
1. plass: Knarvik skulekorps 104 p
2. plass: Skodvin skulekorps 101 p
3. plass: Fitjar skulekorps 100 p
4. plass: Søreide og Sandsli skulekorps 97 p
5. plass: Sotra Vest skulekorps 96 p
6. Midtre Sotra skulekorps 95 p

Ynskjer du å lesa meir om Sotrafestivalen kan du besøkje heimesida deira på denne adressa:

http://sotra-brass.no/sotrafestivalen/nyheter
eller facebooksida deira.

Her kan ein finna fullstendig resultatliste og bilete frå festivalen. Der ligg det mellom anna eit bilete av Fitjar skulekorps på scenen under konkurransen.

Domarkommentarane kan du lesa ved å klikka på dokumentet under her.

Klikk på bileta under her for å sjå dei større.




Get Adobe Reader  Domarkommentarar Read file



Sotrafestivalen 2012