FITJAR SKULEKORPS

Digitale notar

Fitjar skulekorps prøver å følgje med i tida og vil no verta digitalisert.

Kitty Træet som nettopp har overteke notearkivet har sett at etter mange aktive år i korpset har notearkivet blitt svært stort. Det tek stor plass og er krevjande å organisera. Ho har difor lansert ideen om bruk av digitale notar. Styret i korpset har no vedteke å skaffa ipad-ar til dei musikantane som ynskjer det, og på det viset gå vekk frå notar på papir til fordel for digitale notar. Leiar Tom Rydland seier dei ikkje ynskjer å tvinga digitale notar på musikantane, sjølv om dei oppfordrar sterkt til. Det er viktig at dei som ynskjer seg ipad sender ei tekstmelding om dette til dirigent Svein Roger Koppang (mob. 986 61 986) seinast i løpet av 1. april, slik at desse kan koma på plass til fellesøvinga torsdag 4. april. Tom minner om at i tillegg til at dette vert meir lettvindt for både korpset, musikantane, noteansvarleg og dirigenten er det og ein stor miljøgevinst i å redusera papirbruken i korpset.

Ps. Instrumenta vil sjølvsagt ikkje verta digitalisert :-)