FITJAR SKULEKORPS

Jubileumsfest og jubileumskonsert

Fitjar skulekorps vart stifta i 1960, og feirer i år 50 år.

Laurdag 13. novewmber kl. 16.00 vert det stor jubileumsfest i kultursalen for aspirantar, juniorar og korpsmusikkantar saman med familiane deira og nokre ekstra inviterte gjester.
Same kveld, klokka 19.30, vert det storstilt jubileumskonsert i kultursalen. Billettar kan ein få kjøpt ved inngangen, og desse kostar 100,-. Barn under 12 år kjem inn gratis.
Fitjar musikklag vert og med på konserten.