Våren 2023

Informasjon (foreldreoppgåver og plan for korpset) i forhold til temakonsertane i mars finn de HER .
Plan for våren 2023 med vaktliste finn de i dokumentet under her. Planen gjeld aktiviteten til hovudkorpset. Aspirantane får eigne beskjedar om det dei skal delta på. Oversikt over oppgåvene til foreldrevaktene finn ein HER .
Som informert om på foreldremøtet 9. januar er det skulekorpset som har dugnaden med flagging framfor rådhuset på alle flaggdagar i 2023. Det er sett opp ei liste over kven som har ansvar for kva flaggdag. Lista finn de i det andre dokumentet under her. NB! Lista er oppdatert 21.02.23!
HUGS blyant på øving (og rydd gjerne litt i sekken)!
22.-27. juni 2023 reiser korpset på forseinka jubileumstur til Spania. Informasjon om Spania-turen finn du HER .
Strevar du med å finna ut av heimesida, finna fram på sida eller med å logga inn så vil du kanskje ha nytte av å lesa hovudsaka På nett HER , eller du kan ta kontakt med webansvarleg Helga Rimmereid.
