FITJAR SKULEKORPS

Fitjar skulekorps

Fitjar skulekorps høyrer heime i Fitjar kommune og øver i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Korpset har brass besetning, vart stifta i 1960 og tel i dag 52 medlemmer, inkludert 6 aspirantar (2018).

Har du lyst å begynna å spela i Fitjar skulekorps? Kvar haust tar korpset inn nye aspirantar, og det krev ingen forkunnskapar. Gjennom Fitjar kulturskule får ein all den opplæringa ein treng. For å verta med søkjer ein plass i Fitjar kulturskule på messinginstrument. Har du spørsmål omkring dette kan du ta kontakt med dirigent og aspirantinstruktør Svein Roger Koppang ( srkoppang@hotmail.com ) , styreleiar i korpset Olav Johannes Oma eller kulturskulerektor Håvard Kroka.

Klikk på emne i undermenyen for å lesa meir om korpset.

Klikk på korpslogoen/huset for å kome tilbake til framsida.

Søk plass HER.