FITJAR SKULEKORPS

Aspirantar

Er du, eller nokon du kjenner,  glad i musikk og/eller drøymer om å spela eit instrument?
Då kan Fitjar Skulekorps vera noko for deg!
Måndag 30. august inviterer  korpset til INSTRUMENTPRØVING.
Elevar frå 2.-4. klasse inviteres til instrumentprøving i Fitjar kultur- og idrettsbygg måndag 30.august kl. 18.30-19.00. Det vert og informasjon for føresette om det å ha ungar i Fitjar skulekorps.
Det er uforpliktande å møta opp, men korpset håpar sjølvsagt det gjev inspirasjon til å starta i skulekorpset.
Grunna korona må ein melda seg på til styreleiar Arnhild J Raunholm. Send melding med namn og alder på ungen til 924 22 823

 
 
 
 

Meir om korpset og informasjon om korleis ein melder seg inn/søkjer plass finn ein HER .

Fitjar skulekorps ynskjer nye aspirantar velkomne kvar haust. Korpset har ei slik ordning at ein melder seg inn i Fitjar kulturskule, og får der i fyrste omgang undervising på kornett (el eventuelt eit anna messinginstrument) Etterkvart kan ein skifta til andre instrument. Elevane har undervising ein gong i veka. Etter eit år som aspirantar tek elevane til i skulekorpset. Dei som går i skulekorpset har i tillegg fortsatt gruppeundervising i kulturskulen.
Elevavgifta i kulturskulen er er 1 635,- pr halvår, med moderasjon for søsken og fleire plassar (2021).
Hausten 2021 og våren 2022 vil Fitjar kommune sitt fritidskort gje redusert kontingent. (Les meir HER .)
Aspirantundervisinga føregår i  speilsalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Elevane låner instrument av skulekorpset.

Søknadsfrist for kulturskulen er i mai, med utvida søknadsfrist for aspirantopplæring.


Klikk på korpslogen/huset for å koma tilbake til framsida.