FITJAR SKULEKORPS

Våren 2020

Informasjon om 17. mai finn ein HER .

Det vert fellesøving ute ved Fitjar kultur- og idrettsbygg torsdag 14.mai kl. 17.00-18.00. Hugs noteklype, marsjmappe, instrument med pose på spyttklaffane, og ev selar. Det vert ikkje gruppeøvingar denne torsdagen.

 

25.04.20
Endeleg kan øvinga starta igjen!
Vegleiaren om smittevern for musikkøvingar er godkjent av Helsedirektoratet. (Du kan lesa vegleiaren HER .) I tillegg har NMF og Korpsnett Norge utarbeida eit dokument som gir konkrete tips til korleis ein skal gjennomføra korpsøvingar (dokumentet kan du lesa HER . ) Etter at dette kom på plass har korpset fått løyve av kommunen til å starta med øvingar igjen.
Informasjon frå styret om smittevern og øvingane i Fitjar skulekorps framover finn ein i det første dokumentet under her.
Det er VIKTIG at ALLE les dokumentet, og set seg inn i dei smitteverntiltak som gjeld, slik at me kan få gode og trygge øvingar framover.

NB! Styret gjer merksam på at opplegget for øvingane kan endrast dersom erfaringar/nye tiltak krev det.

Jubileumsturen som skulle gått til Spania i juni 2020 er avlyst. Ein kan lesa meir om det HER.

Informasjon om korleis ein søkjer for å verta aspirant i korpset finn ein HER.

Informasjon om korleis ein steller/vaskar messingsinstrumenta finn ein HER.

 

   


Get Adobe Reader

Read file
 Korpsøvingar i koronatida




Get Adobe Reader

Read file
 Tenkt plan for våren 2020 - ikkje koronaredigert!