FITJAR SKULEKORPS

Øvingshelg og konsert i Uskedalen 2016

Fitjar skulekorps hadde øvingshelg i Uskedalen 8.-10. januar 2016 saman med Uskedalen skulekorps.

Øvingshelga vart ein god og vellukka oppstart av våresemesteret 2016. Øving, sosialt samvær, nye vennskap, styrking av gamle vennskap, god mat, klatring og hallaktivitetar, såre lepper, fotballspel og quiz, soving eller ikkje soving på flatsenger på klasserom, chips i soveposen, varme føter og iskalde føter, store smil, kalde dusjar, tidleg vekking, roleg vekking, kikking på jenter og kikking på gutar, blide foreldre, trøtte foreldre, leande foreldre og dansande foreldre, prisutdelingar og ikkje minst ei flott avslutting med felleskonsert med Uskedalen skulekorps.

Klikk på korpslogoen oppe til venstre for å koma tilbake til heimesida.