FITJAR SKULEKORPS

Fritidskort

Fitjar, Stord og Bømlo har fått nærare 14 millionar i tilskot frå Bufdir, til forsøk med fritidskort hausten 2021 og våren 2022. Dette betyr at alle barn og unge i alderen 6–18 år vil få dekka 1.000,- kvart halvår  til deltakaravgift til faste, jamnlege, organiserte aktivitetar som gir mogelegheit for tilhøyr over tid.
 

Koordinator for pilotprosjektet med fritidskort i Fitjar kommune er dagleg leiar i Fitjar frivilligsentral Ellinor Austad Bergesen

Fritidskortet vil kunna brukast til kontingent til kulturskulen/skulekorpset. Meir informasjon om fritidskortet finn ein HER .