FITJAR SKULEKORPS

Korpsgensrar

Musikantane i skulekorpset har fått utdelt splitter nye korpsgenserar. Dei praktiske grå hettejakkane har skulekorpset sin logo på venstre sida framme og teksten Fitjar skulekorps bak. Genserane er ein del av uniforma til skulekorpset. Dei skal berre brukast når ein får beskjed om det, og ein har dei berre på lån. Når ein treng ny størrelse, eller ein sluttar i korpset må dei leverast inn. Det er ikkje lov å bruka desse jakkane på fritida eller andre gongar når ein ikkje har fått beskjed frå korpset om at dei skal brukast. Ein bør merka jakkane med namn, på ein måte som kan fjernast før innlevering.