FITJAR SKULEKORPS

Adventskalender 2020

Årets kalendersal er no i gong, og musikantane har fått kvar sin bunke med adventskalendrar som dei skal selja. Kalendrane kostar 100,- pr stk, og ein kan betala både med vipps og kontantar. Musikantane har fått informasjon om smittevern, og går som vanleg frå dør til dør og sel kalendrar, i tillegg til å selja digitalt.

 

Alle Fitjar skulekorps sine adventskalendrar har eit unikt svart nummer oppe til høgre på kalenderen og kvar dag frå 1.-24. desember vert det trekt 1-2 vinnarnummer som vert annonsert her på heimesida til skulekorpset og i bladet Sunnhordland. Vinnarnummera finn ein  etter kvart som dagane går i lista under her, bak beskrivinga av gevinsten. Dei heldige vinnarane må ta med seg kalenderen til kundetorget på Fitjar rådhus innan 8. januar 2021 for å få utdelt gevinsten. Har ein ikke høve til å møta personleg opp i kundetorget innan fristen kan ein ta kontakt med skulekorpset v/Kari Konglevoll Prestbø tlf 414 02 845, innan same dato. Etter den tid går gevinstane attende til korpset.

Overskotet frå kalendersalet går til drifta av Fitjar skulekorps, og korspet takkar alle som har støtta korpset med gevinstar eller ved å kjøpa kalendrar ! (Kven som har gjeve dei ulike gevinstane kan ein sjå på kalenderen)

 

1. desember: Hardangerbestikk 1 side kaldrøykt laks/aure
 

2. des.: Garnpakke 4 brett egg
 

3. des.: Sykkellykt Baderomsutstyr
 

4. des.: Fenalår Hardangerbestikk
 

5. des.: Komlemiddag 2x 1,5 l eplejuice
 

6. des.: Gåverkort kr 500,- Larsen multihandel/Mx-sport Diverse utstyr
 

7. des.: Gåvekort 1000,- Haaheim Gaard Gåvekort 2v + 3b Oljemuseet
 

8. des.: Slush-maskin Gåvekort 500,- Larsen multihandel/Mx-sport
 

9. des.: Moroccanoil gåveeske Chenille handkle
 

10. des.: Søndagsmiddag for 2 Fitjar fjordhotell
 

11. des.: Eu kontroll
:

12. des.: Campinglykt/powerbank Gåvekort 1 pizza
 

13. des.: Garnpakke 1 side kaldrøyt laks/aure
 

14. des.: Lykt Gåvekort 1 pizza
 

15. des.: 2 gåvekort a 500,- Spar Fitjar Gåvekort 2v + 3b Oljemuseet

 

16. des.: Søndagsmiddag for 2 Gåvekort 500,- Kiwi
 

17. des.: Gåvekort 1000,- Fitjar småbåt AS Antibac 250 ml
 

18. des.: Gåvekort 1000,- Galleri flora
 

19. des.: EU-kontroll
 

20. des.:  Gåvekort 500,- Spar Fitjar Produktpakke Mary Kay
 

21. des.: Hårpleieprodukter
 

22. des.: Elektrisk tannbørste
 

23. des.: Diverse produkt frå Pharma  2165,-
 

24. des.: Gåvekort 1000,- Haaheim Gaard Gåvekort 1000,- MX Sport Fitjar


Fitjar skulekorps ynskjer ALLE ei riktig god jul!