FITJAR SKULEKORPS

Sotrafestivalen 2018

Årets Sotrafestival går av stabelen laurdag 17. november på Fjell ungdomsskule på Sotra. Musikantar frå Fitjar skulekorps skal delta både i solistkonkurransen, ensemblekonkurransen og som korps i 2. divisjon brass.

Fredag 16. november kl. 18.15 vert det Før Sotra-konsert i gymnastikksalen på Rimbareid skule. Konserten er gratis og ein får der høyra heile konkurranseprogrammet til skulekorpset, samt alle grupper og solistar som skal delta i konkurransen. VELKOMEN!

Meir informasjon om reisa og sjølve festivalen finn ein i dokumentet under her.

Informasjon om sjølve festivalen kan ein sjå heimesida deira HER. I programmet HER ser ein at Fitjar skulekorps skal på scenen i gymnastikksalen på Fjell ungdomsskule kl. 16.15. I programmet ser ein og tidspunkta for dei ulike ensemble-gruppene og solistane frå Fitjar som skal delta i konkurransen.

 




Get Adobe Reader Read file
 Sotrafestivalen 2018