FITJAR SKULEKORPS

Strikkedilla

Strikkedilla tar heilt av i Fitjar skulekorps. Det nye no er korps-strikkagenser.

Skulekorpset hadde stor suksessen med korps på tur-huene som vart strikka i samband med korps på tur-konseptet. I tillegg til at huene haldt musikantane varme på hovudet under kalde utekonsertar var dei og godt synlege. Korpset fekk stor blest rundt dette og det enda med ein synlegheitspris frå forbundet. Etter det har korpset fått utarbeida eit eige korpshue- mønster til bruk for alle. Mønsteret vart utarbeida i samband med at 2018 er musikkorpsenes år, og mønsteret til I love korps-huene ligg ute på både skulekorpset si eiga heimeside HER og på Norges musikkorpsforbund si heimeside HER

No ynskjer Fitjar skulekorps å ta det endå lenger. Med landsfestival i Bergen i sommar og basert på erfaringar med vestlandsk sommarver går dei i år for å skifta ut den" tradisjonelle" uniforma med ein god, tjukk og varm korps- strikkagenser. Mange strikkeglade korpsmødre, korps-bestemødre og nokre få korpspappaer sit klar med strikkapinnane for å ta fat på oppgåva med å utstyra alle dei 40 musikantane med kvar sin varme genser. Korpset går for dei moderne fargane går og kvit (slik ein ser på biletet). Men for å koma i gang med strikkinga treng ein veta kva størrelsar dei ulike musikantane treng. Derfor må kvar einskild familie ta mål av sine musikantar (overvidde, lengde og armlengde) og melda dette snarast inn til styret i korpset ved Arnhild Jordan Raunholm Arnhild J. Raunholm (tlf 924 22 823) eller uniformnemnda ved Astrid Marie Skumsnes (480 32 631). I tillegg til mål kan ein og levera inn songynske for notelinja på genseren. Her er det kjekt om alle vel ein song frå korpset sitt repertouar, så det vert representativt for korpset vårt. Er det nokon som ynskjer å strikka gensrar er det berre å ta kontakt med styret i korpset.