FITJAR SKULEKORPS

Støtte frå Sparebanken Vest 2019

Tysdag 22. oktober hadde Sparebanken Vest utdeling av gåver til ulike lag og organisasjonar i Stord og Fitjar, og Fitjar skulekorps fekk 25 000,- i gåve frå banken.
 

Leiar i styret for korpset, Arnhild J Raunholm, representerte korpset på overrekkingsmarkering som fann stad på Arena på Stord. Midlane som kom Fitjar skulekorps til gode er øyremerkt til nye instrument, noko både korpset og banken ser på som ei invistering i framtida.

Ein kan lesa om tildelinga i Sunnhordland HER (krev abonnement)