FITJAR SKULEKORPS

Korpstreff Stord 7. mai 2015

Torsdag 7. mai 2015 deltok Fitjar skulekorps på korpstreff på Stord, der alle korpsa på øya var samla til treff og felles konsert. Konserten fann stad i konsertsalen på Stord vidaregåande skule, ein sal som for øvrig er alt for liten i forhold til dei store korpsa ein har på øya og den store publikumsinteressa ein slik konsert har.

Fitjar skulekorps opna konserten på ein forrykande, lett uformell, humoristisk og svingande måte med African Marketplace. Både Stille Stund og Pound det streets vart sikkert framført, men det som gjorde sterkast inntrykk på publikum var Highland Cathedral der publikum vart omslutta av dei vakre tonane til korpset med musikantar på "alle" sider. Flotte framføringar som var vel verd turen, og i ei travel "rett-før-konfirmasjonen"-tid for heile seks av korpsfamiliane.