FITJAR SKULEKORPS

Storbandkonsert - Fitjar skulekorps presenterer Swing&Chill

Dato:  20. mars kl.1800

Stad: Fitjar kultur- og idrettsbygg

Pris:
350kr, familie (foreldre og barn)
150kr, vaksne
50kr, barn (under 16år)

Enkel bevertning

Konferansier: Tom Rydland
 

Solistar: Ingvild Prestbø, Silje Rydland, Guro Rimmereid, Jacob Mehammer, Eline F. Hjelle, Mari F. Hjelle, Helga J. Raunholm, Thea Træet, Oda Rydland, Tom Rydland, Ole Christian Ottestad

Piano: Guro Rimmereid

Lyd: Årstein Tislevoll

Lys: Nils Andreas Brekke/ Sverre Fangel Brekke

Klikk på korpslogoen oppe til høgre for å koma attende til framsida.

 

Swing&Chill

Storbandkonsert med Fitjar skulekorps med aspirantar og solistar

Fitjar skulekorps, med sine 47 musikantar i alderen 8 til 17 år, førebur i desse dagar storstilt storbandkonsert i kultursalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Korpset er populært, har god rekruttering og spelar i medvind for tida. Dei har gjort det godt i fleire konkurransar i  det siste,  m.a. 5. plass i NM i 2. divisjon i 2013, 2. plass i NM i 2. divisjon i 2014 og 1. plass i Bømloblåsen 2014.

Før korpset startar oppkøyringa til NM-deltaking i Stavanger i juni i år, fokuserer dei no på storbandmusikk og førebur seg på si årlege, store  konsert-oppsetting.

Korpset fyller 55 år i år og markerer det med denne storstilte konsert i heimbygda no i mars, og så vert det jubileumstur til Tyskland i juni og jubileumsfest til hausten.

Det vert to oppsettingar av storbandkonserten. Først skuleframsyning for skulane på Fitjar torsdag 19. mars og så open framsyning på kveldstid fredag 20. mars.

På konserten deltek heile korpset, i storbandoppstilling, inkludert dei 8 ivrige aspirantane som skal vera solistar på eit nummer. Dei unge musikantane i korpset er musikalsk allsidige og flinke. Det vil ein lett høyra når heile korpset er i aksjon og under soloframføringane.  Heile sju av musikantane  i korpset skal vera solistar på sine instrument og i tillegg skal fleire av dei delta som songsolistar.  Korpset sin eigen pianist, Guro Rimmereid, skal spela piano både saman med korpset og som akkompagnatør  for solistar. I tillegg til folk frå eigne rekker deltek korpspappa og tidlegare leiar i styret til Fitjar skulekorps, Ole Christian Ottestad, med ein saksofonsolo saman med korpset. Korpspappa og noverande styreleiar Tom Rydland skal både vera konferansier og songsolist. Dei frammøtte vil og få eit spennande møte med heile trombonerekkja som solistar.

Det vert både svingande rytmar og avslappande melodiar. Ein vil få høyra kjende Blues Brothers-tonar, klassikarar som ”Hit the road Jack” og James Brown sin ”I got you”. Av dei rolegare songane kan nemnast ”My funny Valentine” og ”Feeling good”. Nyare musikk som Adele sin ”Someone like you” vil ein og få høyra.

Som i alle dei siste sju åra er det Svein Roger Koppang som har det musikalske ansvaret og som dirigerer korpset.

Konserten er ei stor satsing for korpset og vil ha eit heilskapleg preg. Korpset lovar ein spennande, flott, variert og godt førebudd konsert og er overtydd om at storbandkonserten vert ei god oppleving for dei som kjem, og dei vil oppmoda alle om å ikkje la dette høvet til å ”swinga og chilla” til god storbandmusikk gå frå seg.