FITJAR SKULEKORPS

Sotrafestivalen 2011

Juniorkorpset til Fitjar skulekorps og hovudkorpset deltok på korpskonkurransen Sotrafestivalen laurdag 19. november 2011.

Juniorkorpset:
Skremande bra, kult, stemningsfult og solid var domarane Eigil Magnussen og Bengt Florvåg sin kommentar til juniorane si framføring. Korpset spelte 1 og 2 og 3 og 4 Råkk, Skrekkfilm, Norwegian sunset og Lilla Blues. Juniorkorpsa vart ikkje rangert, men fekk fyldige domarakommentarar og deltakarmerke og diplom etterpå. I kommentarane til domarane kunne ein lesa at juniorkorpset fekk skryt for flott innmarsj, presist og rytmisk spel, kontrollert dynamikk, god artikulering, fine kontrastar og fin klang. I tillegg til at gruppesoloane vert trekt fram som gode vanka det og ekstra skryt til slagverk og tuba. Domarane takka for ein flott konsert og avslutta med å sei at juniorkorpset til Fitjar skulekorps har flott besetning med solid klangbotn og at dei framførde eit variert program på ein stødig og stilfull måte.
 

Fitjar skulekorps
Korpset stilte i 3. divisjon brass med spesialkomponert stykke og 32 strålande blide musikkantar. Dei framførde The Hidden Soul of Hamony, komponert for Fitjar skulekorps av iren Richard Rock. Stykket består av fire satsar: Salsa, Baltic Dance, Elegy og Jamboree. Domarane likte det dei høyrde og skrytte av stykket og den sikre framføringa. I kommentaren sin skreiv dei at korpset synte musklar allereie frå starten. Dei hadde bra samspel, var tydelege rytmisk, dynamisk var det veldig bra, dei hadde fint driv og god kontroll. Dirigenten fekk skryt for tydeleg direksjon, alle gruppesoloar og solistar fekk skryt, euphonium vart fleire gongar trekt positivt fram, det vanka ekstra skryt til kornettrekkja og då ikkje minst bakrekka. I sats tre var Anne Lunde solist på kornett. Her fekk korpset skryt for varmt, fint og kontrollert komp og om Anne si speling hadde dei skreve nydeleg klang og fin kontroll.

Resultatliste 3. div. Brass
1. Fitjar Skulekorps 103p
2. Mjølkeråen skolemusikklag 102p
3. Toftøy/Rong skolemusikkorps 100p
4. Hordvik/salhus skolemusikklag 99p
5. Kaland skoles musikkorps 98p
6. Minde skoles musikkorps 96p
7. Lyderhorn skoles musikkorps 93p
7. Felleskorpset Askøy -Juniorkorps 93p
Solistpris: Anne Lunde, kornett, Fitjar skulekorps

Under presseomtale kan ein lesa artikkel frå Fitjarposten om Sotrafestivalen og i gjesteboka kan ein lesa helsing til korpset frå Richard Rock (som har komponert konsertnummeret).
Dei som er medlem i korpset kan logga seg inn og lesa domarkommentarane under Interne skriv og sjå fleire bilete frå Sotrafestivalen i Fotogalleriet.