FITJAR SKULEKORPS

Våren 2020

Det er no lagt ut revidert halvårsplan for korpset for våren 2020 med foreldrevaktliste. Ny plan 04.02.20!

Det er gjort nokre endringar i mars og april:
- Inn med seminar på Tysnes 7.mars saman med Eikanger Bjørsvik.

- Teke vekk spele på jubileumskonserten til FML 21.mars
- Lagt inn lørdag 25.april som Minitour konsertdag.
Dei som var satt som foreldrevakter lø 7.mars, er flytta til slutten av året.


Halvårsplanen, med vaktliste, finn ein i dokumentet under her. Dei føresette  til musikantane i hovudkorpset er sett opp som korpsvakter på måndagsøvingar og øvingshelger, så sjekk opp og noter ned kor tid de har vakt. Informasjon om oppgåvene til korpsvaktene finn ein HER.

Det vert årsmøte for korpset måndag 17.februar kl. 17.30. Vel møtt!

 

19.-26. juni 2020 skal skulekorpset på jubileumstur til Calella i Spania. Informasjon om den turen finn ein HER .

 

Informasjon om korleis ein søkjer for å verta aspirant i korpset finn ein HER.

Informasjon om korleis ein steller/vaskar messingsinstrumenta finn ein HER.

Informasjon om jubileumsturen til Spania i juni 2020 finn ein HER.

 

   


Get Adobe Reader

Read file
 Våren 2020 med vaktliste