FITJAR SKULEKORPS

Korpset

Fitjar skulekorps vart stifta i 1960.
Ved oppstart hausten 2018 er det totalt 52 musikkantar i skulekorpset. 6 av desse er aspirantar. Ein kan starta på messingundervising og verta aspirantane i skulekorpset når ein går i 3. klasse eller er eldre. Dette gjer ein ved å søkja plass på messing i Fitjar kulturskule. Aspiranttida varer i eit skuleår, og musikantane går direkte frå å vera aspirant til å verta musikant i hovudkorpset hausten etter. Ein fortset med gruppeundervising i kulturskulen, på sitt instrument, og etter at ein er teken opp som musikant i hovudkorpset. Så lenge ein har gruppeundervising i kulturskulen betaler ein kontingent til kulturskulen, og betalar då ingenting for å vera med i korpset. Når ein tek til på vidaregåande skule kan ein velja å seia opp plassen sin i kulturskulen, og berre vera med i korpset. Om ein gjer det betaler ein frå då av medlemskontingent til korpset i stadenfor kontigent til kulturskulen.

Dirigent for korpset, aspirantinstruktør og instruktør for alle messing-gruppene er Svein Roger Koppang. Olav Johannes Oma leiar i styret for korpset, og Dagfinn Brekke og Kjell Otto Gloppen er materialforvaltarar. Andre verv og nemnder finnn ein under Styret og nemnder m.m.

Talet på musikantar i korpset brukar å liggja på omkring 40 musikantar og 5-10 aspirantar.

Skuleåret 2012/2013 gjekk Fitjar skulekorps vekk frå modellen med juniorkorps (mellom aspiranttida og hovudkorpset). Etter å ha vore aspirantar i eit år går no musikkantane direkte inn i hovudkorpset.

Fitjar kulturskule står for gruppeundervisinga som musikantane har. Heimesida til kulturskulen finn ein HER.
Kulturskulen brukar DENNE nettsida for å informera brukarane.

Rektor i kulturskulen er Håvard Kroka. 

Forholdet mellom kulturskulen og skulekorpset er i grove trekk slik at kulturskulen har ansvar for aspirantundervisinga og gruppeundervisinga medan skulekorpset er ansvarleg for fellesøvingane, det sosiale, turar, konkurransar osv.

For å søkja plass i korpset/kulturskulen: Gå inn HER. (same plass seier ein og opp plassen sin ulturskulen om ein ynskjer det). Korpsåret og medlemskapet i korpset fylgjer skuleåret og går frå august til juni. Ynskjer ein å melda seg ut av korpset må ein senda skriftleg melding om dette til styret innan 15. mai. Vedtektene til skulekorpset kan ein lesa HER .

Klikk på korpslogoen/huset oppe til venstre for å koma tilbake til framsida.