FITJAR SKULEKORPS

Fritidskort

Fitjar, Stord og Bømlo har fått nærare 14 millionar i tilskot frå Bufdir, til forsøk med fritidskort hausten 2021 og våren 2022. Dette betyr at alle barn og unge i alderen 6–18 år vil få dekka 1.000,- kvart halvår  til deltakaravgift til faste, jamnlege, organiserte aktivitetar som gir mogelegheit for tilhøyr over tid.
Kommunane startar no opp arbeidet for å få dette på plass til 1. august 2021.
 

Det vert no jobba med ein mal/app for registrering/søking. ,Meir informasjon kjem så snart det er klart.
Koordinator for pilotprosjektet med fritidskort i Fitjar kommune er dagleg leiar i Fitjar frivilligsentral Ellinor Austad Bergesen

Fritidskortet vil kunna brukast til kontingent til kulturskulen/skulekorpset.