Fitjar Skulekorps
FITJAR SKULEKORPS
 • Korpset    • Årsplanar    • Turar    • Foto    • Lydfiler    • Presseomtale    • Interne skriv    • Ymse    • Dirigent-hjørna    • Aspirant-sider    • Brassanova     • Gjestebok  

 

 

   Ymse
    - Populær heimeside - med over ein million treff
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 033 331

 

 


På nett!

Fitjar skulekorps har no eiga heimeside. Dette er meint som ei side både for medlemene i korpset med foreldre og andre som er interessert i  skulekorpset. Sida vil difor både innehalda informasjon om korpset og aktiviteten i korpset, artikkelstoff, linkar til omtale i pressa,  og informasjon som er retta mot dei som er medlem i korpset.

www.fitjarskulekorps.no er Fitjar skulekorpset sin hovudinformasjonskanal. Her vil ein finna oppdaterte planar og anna viktig informasjon, og det er difor viktig at dei føresette gjere seg kjend med sida og besøkjer den med jamne mellomrom.

Sida er organisert med ulike hovudfaner i den mørkegrøne stripa som går vassrett over sida øverst oppe. Hovudfanene har ulike underfaner som kjem fram når ein klikkar på hovudfana. Viktige aktuelle saker som gjeldande årsplan m.m. finn ein i det lysegrøne feltet til venstre på sida. Her kan ein raskt klikka seg fram til viktige skriv. I artikkeldelen, i det store kvite feltet, ligg det ulike artiklar om aktivitetar som korpset har vore med på. Viktig informasjon som skal ut til musikantar og foreldre vil og verta lagt ut her for at ein raskt skal leggja merke til nye ting/ny informasjon.

Informasjon frå dirigenten om øving, program, lytte-eksempel o.a. finn ein i hovudfana Dirigenten-hjørna.
 

Det meste som ligg på nettsida er tilgjengeleg for alle, men ikkje alt.


Det er eit ynskje at musikkantar, aspirantar og føresette registrerer seg som medlem på nettsida. Det gjer ein ved å klikka på bli medlem, og så fylla ut skjemaet som dukkar opp. Når medlemskapet er godkjend kan ein logga seg inn (ved å trykka på "logg inn medlem", nede til venstre på nettsida), og då kunna få tilgang til all informasjon og alle bilete på nettsida. Når ein loggar seg inn kjem ein først inn på ei side som heiter Din profil, og så kan ein klikka seg vidare inn på både opne og lukka sider.(NB! Ein får ikkje melding når medlemmskapet er godkjend, men frå då av fungerer passordet). Ein vel sjølv passord i registreringsskjemaet, men dette fungerer ikkje før ein har vorte godkjend av den som har ansvar for heimesida. Medlemskap på nettsida er reservert for musikkantar og føresette, andre vil ikkje få godkjend søknad om medlemskap. NB! Foreldre og ungar må ha ulike e-postadresser knytta til sitt medlemskap på nettsida ellers fungerer det ikkje.
Har ein problem med noko av dette eller lurer på noko kan ein ta kontakt med web-ansvarleg (sjå Styre og nemnder under hovudfana Korpset)

Har du innspel til heimesida, eller du finn feil eller manglar her, kan du ta kontakt med styret eller den som har ansvar for heimesida. Det same kan du gjere om det er informasjon du skulle hatt og som du ikkje finn her. Du finn kontaktinformasjon til ansvarlege personar under hovudfana; Korpset  og underfana: Styret og nemnder.

For å koma attende til framsida der ein har oversikt over både aktuelle saker og nyhende klikkar du på korpslogoen oppe til høgre.

Det vert rådd til å ha framsida: www.fitjarskulekorps.no lagra som favorittside, ikkje innloggingssida, då det er på framsida ein best og raskast får tilgang til ny og viktig informasjon. Dersom ein så kjem til ei lukka side kan ein heller logga inn.

Har du gløymt passordet ditt kan du få det tilsendt ved å gå inn på "Logg inn" (lenger nede her til venstre på sida), og så klikka på "tilsendt her".

Klikk på korpslogoen oppe til høgre for å koma attende til framsida.

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Klikk på korpslogoen for å koma tilbake til framsida !