Fitjar Skulekorps
FITJAR SKULEKORPS
 • Korpset    • Årsplanar    • Turar    • Foto    • Lydfiler    • Internt    • Presseomtale    • Ymse    • Dirigent-hjørna    • Aspirant-sider    • Brassanova      • Heim  

 

 

   Ymse
    - I love korps-hue og -panneband
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 

 

 



Korps på friluftstur - bestill hua

Prosjektet «Korps på friluftstur» i regi av NMF Hordaland er nett tildelt ein million kroner av Gjensidigestiftelsen.

Prosjektet går ut på at korpsa skal ta med instrumenta ut i turløypene og spre musikalske opplevingar. Ideen med prosjektet kom opp i samband med at det i år er friluftslivets år. Korps som ønskte å delta i prosjektet kunne søka om å få vera med, og dei som vart plukka ut og som gjennomførde kriteria vart lova 60 000,- i støtte til instrument eller inspirasjonsseminar. Ein kan lesa om prosjektet og kriteria for å delta her.

Etter ei samling med styret og alle nemnder i korpset like etter årsmøtet sendte Fitjar skulekorps inn søknad om å få delta i prosjektet. 60 korps i Hordaland søkte og Fitjar skulekorps var eit av 15 korps som vart plukka ut til å vera med. No ventar korpsmusikk i friluft på Fitjar, og ein god slant til instrument eller seminar for skulekorpset.

I løpet av prosjektperioden frå 1. april til 1. oktober skal korpset gjennomføra tre ulike friluftsturar. Korpset har den siste tida oppdatert uniforma med først sløyfer som erstatting for slips, t-skjorte som enklare og lettare uniform og collegjakke som ei meir moderne jakke, i tillegg til den vanlege grøne uniforma. I samband med Korps på friluftstur ynskjer uniformsnemnda å utvida garderoben ytterlegare med ei tur-hua, ala kvikk-lunsj-hua, med teksten Korps på friluftstur. Astrid Marie Skumsnes i uniformsnemnda har teke på seg å strikka huene og er utolmodig etter å koma igang no når det er ferie sidan ho har ein stor jobb framfor seg om ho skal koma i mål med alle 49 huene som trengs innan første tur. Det er difor viktig at alle musikantane måler hovudomkretsen sin og sender denne på ei melding til Astrid på tlf. 480 32 631 snarast, og seinast i løpet av første dag i prosjektperioden som er 1. april.

   
 

 

 

Fitjar skulekorps