Fitjar Skulekorps
FITJAR SKULEKORPS
 • Korpset    • Årsplanar    • Turar    • Foto    • Lydfiler    • Internt    • Presseomtale    • Ymse    • Dirigent-hjørna    • Aspirant-sider    • Brassanova      • Heim  

 

 

   Ymse
    - Populær heimeside - med over ein million treff
    - Varm og stilig hua for 1,1 million treff
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 

 

 


På nett!

Fitjar skulekorps har ei eiga heimeside. Dette er meint som ei side både for medlemmane i korpset med foreldre og andre som er interessert i  skulekorpset. Sida vil difor både innehalda informasjon om korpset og aktiviteten i korpset, artikkelstoff, linkar til omtale i pressa,  og informasjon som er retta mot dei som er medlem i korpset.

www.fitjarskulekorps.no er Fitjar skulekorpset sin hovudinformasjonskanal. Her vil ein finna oppdaterte planar og anna viktig informasjon, og det er difor viktig at dei føresette gjere seg kjend med sida og besøkjer den med jamne mellomrom.

Heimesida er mobiltilpassa, og vil difor framstå litt ulikt på mobiltelefon og datamaskin. Sida er organisert med ulike hovudfaner som ein finn i den mørkegrøne stripa som går vassrett over sida øverst oppe (datamsking)/i den grøne firkanten med striper i (mobiltelefon). Hovudfanene har ulike underfaner som kjem fram når ein klikkar på hovudfana. Desse viser seg i eit grønt felt til venstre på sida (datamaskin) og i ein ny grøn firkant med striper oppe til høgre på sida (mobiltelefon). Viktige aktuelle saker som gjeldande årsplan m.m. skal ein finna som artiklar på startsida. Ein kjem lett attende til startsida ved å klikka på korpslogoen (datamaskin)/ huset oppet til venstre (mobiltelefon)

Informasjon frå dirigenten om øving, program, lytte-eksempel o.a. finn ein i hovudfana Dirigent-hjørna.

Det meste som ligg på nettsida er tilgjengeleg for alle, men ikkje alt.

Det er eit ynskje at musikantar, aspirantar og føresette registrerer seg som medlem på nettsida. Det gjer ein ved å klikka på "Få medlemsloggin" nederste til venstre (pc)/nederst på sida(mobil), og så fylla ut skjemaet som dukkar opp.  (ev HER . ) Når medlemskapet er godkjend kan ein logga seg inn ved å trykka på "Logg inn", nede til venstre (pc)/heilt nede på sida (mobil), og då kunna få tilgang til all informasjon og alle bilete på nettsida. Når ein loggar seg inn kjem ein først inn på ei side som heiter Din profil, og så kan ein klikka seg vidare inn på både opne og lukka sider.(NB! Ein får ikkje melding når medlemmskapet er godkjend, men frå då av fungerer passordet). Ein vel sjølv passord i registreringsskjemaet, men dette fungerer ikkje før ein har vorte godkjend av den som har ansvar for heimesida. Medlemskap på nettsida er reservert for musikkantar og føresette, andre vil ikkje få godkjend søknad om medlemskap. NB! Foreldre og ungar må ha ulike e-postadresser knytta til sitt medlemskap på nettsida ellers fungerer det ikkje.
Har ein problem med noko av dette eller lurer på noko kan ein ta kontakt med web-ansvarleg (sjå Styre og nemnder under hovudfana Korpset)

Har du innspel til heimesida, eller du finn feil eller manglar her, kan du ta kontakt med styret eller den som har ansvar for heimesida. Det same kan du gjere om det er informasjon du skulle hatt og som du ikkje finn her. Du finn kontaktinformasjon til ansvarlege personar under hovudfana; Korpset  og underfana: Styret og nemnder.

For å koma attende til framsida der ein har oversikt over både aktuelle saker og nyhende klikkar du på Korpslogen/Huset øvst oppe.

Det vert rådd til å ha framsida: www.fitjarskulekorps.no lagra som favorittside, ikkje innloggingssida, då det er på framsida ein best og raskast får tilgang til ny og viktig informasjon. Dersom ein så kjem til ei lukka side kan ein heller logga inn.

Har du gløymt passordet ditt kan du få det tilsendt ved å gå inn på "Logg inn" (nederst til venstre/nederst på sida), og så klikka på "tilsendt her".

Heimesida ser litt ulik ut i pc-versjon og mobil-versjon. Ein del opplever at pc-versjonen er mest oversiktleg, men all informasjon skal uansett finnast i begge versjonane.

Klikk på korpslogoen/huset for å koma attende til framsida.

   
 

 

 

Fitjar skulekorps