Fitjar Skulekorps
FITJAR SKULEKORPS
 • Korpset    • Årsplanar    • Turar    • Foto    • Lydfiler    • Presseomtale    • Interne skriv    • Ymse    • Dirigent-hjørna    • Aspirant-sider    • Brassanova     • Gjestebok  

 

 

   Korpset
    - Fitjar kulturskule
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 035 501

 

 



Korpset

Fitjar skulekorps vart stifta i 1960.
Ved oppstart hausten 2018 er det totalt 52 musikkantar i skulekorpset. 6 av desse er aspirantar. Ein kan starta på messingundervising og verta aspirantane i skulekorpset når ein går i 3. klasse eller er eldre. Dette gjer ein ved å søkja plass på messing i Fitjar kulturskule. Aspiranttida varer i eit skuleår, og musikantane går direkte frå å vera aspirant til å verta musikant i hovudkorpset hausten etter. Ein fortset med gruppeundervising i kulturskulen, på sitt instrument, og etter at ein er teken opp som musikant i hovudkorpset. Så lenge ein har gruppeundervising i kulturskulen betaler ein kontingent til kulturskulen, og betalar då ingenting for å vera med i korpset. Når ein tek til på vidaregåande skule kan ein velja å seia opp plassen sin i kulturskulen, og berre vera med i korpset. Om ein gjer det betaler ein frå då av medlemskontingent til korpset i stadenfor kontigent til kulturskulen.

Dirigent for korpset, aspirantinstruktør og instruktør for alle messing-gruppene er Svein Roger Koppang. Arnhild J. Raunholm er leiar i styret for korpset, og Erling Prestbø og Dagfinn Brekke er materialforvaltarar. Andre verv og nemnder finnn ein under Styret og nemnder m.m.

 

Skuleåret 2018/19 tel korpset 46 musikantar og 6 aspriantar

Skuleåret 2017/18 tel korpset 45 musikantar og 8 aspirantar
Skuleåret 2016/17 tel korpset 43 musikantar og 7 aspirantar
Skuleåret 2015/16 tel korpset 40 musikantar og 7 aspirantar
Skuleåret 2014/2015 tel korpset 40 musikantar og 9 aspirantar
Skuleåret 2013/2014 tel skulekorpset 32 musikantar og 8 aspirantar
Skuleåret 2012/2013 tel skulekorpset 34 musikantar og 4 aspirantar.
Skuleåret 2009/2010 talde skulekorpset 33 musikkantar og 9 aspirantar.
Skuleåret 2008/09 talde korpset 26 musikkantar i tillegg til 11 aspirantar.


Skuleåret 2012/2013 gjekk Fitjar skulekorps vekk frå modellen med eit juniorkorps (mellom aspiranttida og hovudkorpset). Etter å ha vore aspirantar i eit år går no musikkantane direkte inn i hovudkorpset.

Fitjar kulturskule står for gruppeundervisinga som musikantane har. Heimesida til kulturskulen finn ein HER.
Kulturskulen brukar DENNE nettsida for å informera brukarane.

Rektor i kulturskulen er Håvard Kroka. 

Forholdet mellom kulturskulen og skulekorpset er i grove trekk slik at kulturskulen har ansvar for aspirantundervisinga og gruppeundervisinga medan skulekorpset er ansvarleg for fellesøvingane, det sosiale, turar, konkurransar osv.

For å søkja plass i korpset/kulturskulen: Gå inn HER. (same plass seier ein og opp plassen sin om ein ynskjer det)

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Klikk på korpslogoen for å koma tilbake til framsida !