Fitjar Skulekorps
FITJAR SKULEKORPS
 • Korpset    • Årsplanar    • Turar    • Foto    • Lydfiler    • Presseomtale    • Interne skriv    • Ymse    • Dirigent-hjørna    • Aspirant-sider    • Brassanova     • Gjestebok  

 

 

   Turar
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 035 483

 

 


NM i Trondheim 2014

Stor speleglede, godt samspel og grundig musikalsk arbeid både før og under årets sommartur gav Fitjar skulekorps ein god 2. plass under NM for skulekorps i Trondheim i juni.

Årets sommartur starta tøft for dei unge musikantane i Fitjar skulekorps, med avreise frå Sandvikvåg kl. 02.00 og flyavgang kl. 06.30 frå Flesland ein torsdags morgon. Vel framme i Trondheim, der årets NM gjekk av stabelen, vart turfylgjet på omkring 50 stykke innkvartert på Eberg skule. På flatsenger med knirkande luftmadrasser, i ope skulelandskap med totalt 200 sovande musikantar, derav nokre som sov veldig godt, kom ikkje søvnen like naturleg for alle.

Men på tross av søvn-utfordringane takla musikantane NM-nervane og spelinga svært godt. At dei var trygge på scenen og trygge på at alt sat som spikra gav ei god framføring, sjølv om det kanskje ikkje var den aller beste gjennomkøyringa dei har hatt av konkurransenummeret The dark side of the moon. Konsertlokalet kunne verka noko "tørt" og nokre stader bakerst forsvann nærast alle lyse tonar/lydar. Andre stader i salen kom korpset bedre til sin rett og framstod med den gode balansenen som korpset har klart å jobba fram den siste tida. Etter at siste sterke, skumle tone var slått av, mottok korpset stor applaus, ikkje berre frå eigne supporterar men og frå andre musikkinteresserte som var møtt opp for å høyra på korpset. Domarane let og vel og plasserte korpset på ein god 2. plass med 92 poeng, eit halv poeng framfor Hellen og Krohnengen skoles musikkorps og 3 poeng bak Skodvin skulemusikk, som vann 2. divisjon brass med heile 95 poeng. Korpset fekk mellom anna skryt for god dynamikk, bra balanse og fint driv. Bassrekka, paukene og kornettsolist Ingvild Prestbø fekk ekstra ros. Ein gjengangar i tilbakemeldingane korpset har fått i konkurransar dei har delteke i, og som domarane og denne gongen trakk fram, var at noko av det korpset kan bli betre på er intonasjonen, dvs blåsarane sin kontroll over luftstraumen, i starten på tonane og gjennom heile frasane. Dette  er ei naturleg utfordring for eit korps med mange unge og ferske musikantar, slik som Fitjar skulekorps har. Musikantane har jobba mykje med dette og dirigent Svein Roger Koppang peiker på at dette var mykje mindre nemnd denne gongen enn ved tidlegare konkurransar. Dirigenten er, som alltid, svært stolt over korpset og det dei presterer. Han minner om at Under Sotrafestivalen 2013 var korpset 14 spelepoeng bak Skodvin og 6 spelepoeng bak Krohnengen. Resultatet denne gongen syner den enorme innsatsen musikantane har lagt ned dette siste året. På trass av generasjonsskiftet, som skulekorps opplever jamnleg, har korpset hatt ei fantastisk utvikling. Hardt arbeid løner seg alltid. Dirigenten ser på undersåttane sine som utruleg disiplinerte og det var kjekt for alle rundt dei at dei no verkeleg fekk betalt for strevet

Styreleiar Tom Rydland var med som forelder på turen og seier han er stolt av å vera ein del av den flotte organisasjonen som Fitjar skulekorps er. Ungane og ungdomane i korpset syner stor speleglede, dei har god framgang, godt samhald og syner omsorg for kvarandre. Musikantane syner profesjonalitet og er flotte ambasadørar for bygda vår og for korpsrørsla.

I Trondheim vart korpset møtt av eit velfungerande og flott festivalarrangement som baud på mange gode opplevingar. Aspirantane fekk med seg eit svært kjekt og inspirerande aspirantseminar (Aspirantfabrikken) saman med The Brazz Brothers. Seminaret vart avslutta med konsertframføring på torget saman med omkring 100 andre aspirantar.

Ei av aspirantmødrene fortel at aspirantfabrikken var ei stoooo oppleving for dei unge messingblåserane frå Fitjar.

"Dei kom aldeles strålande av scenen etter å ha spelt med 150 (!) andre for eit stort publikum på torget. Dei opplevde at det dei spelte i samspel verkeleg låt bra, og gjengen i Brazz Brothers er enormt inspirerande. Ei første oppleving av stor meistring og at musikkglede delt med andre blir ekstra stor! Flott av NMF å lage eit opplegg for aspirantane som gir både speleglede og opplevelse av "korpslykke"!

På torget skjedde det og andre kjekke ting som opningsarrangement med mellom anna The Brazz Brothers og Frode Alnæs, festkonsert med premieutdeling leia av NRK-profilen Per Olav Alvestad og oppmarsj med fellesnummer med over 8000 musikantar i samspel.

Det var mykje spennande å få med seg i Trondheim og musikantane nytta fritida si på den fem dagars lange turen på ulikt vis. Ein del brukte mykje tid på å støtta handelsstanden i byen, medan andre fekk med seg Nidarosdomen, kjøpte laurdagsgodt på Nidar sitt fabrikkutsal, bada i Pirbadet, utforska Vitensenteret, var på kino, bowla, fekk omvising på Lerkendal m.m. Og får å få med seg alt dette vart det mykje rutebusskøyring på alle saman.

NM-arrangementet, som i år var ei storstilt feiring av korpsrørsla i samband med grunnlovsjubileet, vart avslutta med storslagen Tattoo på Lerkendal stadion med Ole Edvard Antonsen og Hans Majestet kongens garde som dei største trekkplastera. Ei flott framvising som for mange av Fitjarmusikantane var eit av høgdepunkta på turen, saman med det å delta i NM-konkurransen og å kunne reisa heim med ein flott 2. plass i bagasjen.

Artiklar frå Fitjarposten om NM-deltakinga kan du lesa her og her.

Medlemmer i korpset kan lesa domarkommentarane under Interne skriv - Domarkommentarar - NM 2014

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Klikk på korpslogoen for å koma tilbake til framsida !