Fitjar Skulekorps
FITJAR SKULEKORPS
 • Korpset    • Årsplanar    • Turar    • Foto    • Lydfiler    • Internt    • Presseomtale    • Ymse    • Dirigent-hjørna    • Aspirant-sider    • Brassanova      • Heim  

 

 

   Korpset
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 

 

 



Uniform
 
 
 
 

Det er ulike kleskodar på ulike arrangement. Ofte skal musikantane gå kledd likt, nokre gongar opptrer dei "sivilt". Det er styret/uniformsnemnda/arrangementsansvarleg som opplyser om aktuell kleskode. Kva kleskode som gjeld vil ofte koma fram på halvårsplanen, viss ikkje får ein eiga melding. Det kan vera ulik kode for musikantane i hovudkorpset og aspirantane.

Uniformsdeler som korpset har og deler ut:
Svart og kvit collegejakke
Svart slips
Kvit t-skjorte med korpslogo
Korpset har og eit sett med svarte sløyfer som vert delt ut ved bruk, og Korps på tur-huer.

NB! Dette er kle som ein IKKJE skal  nytta privat eller utan at ein har fått beskjed om at dei skal brukast. Dei er korpset sin eigedom og skal leverast attende når musikanten sluttar i korpset. 
Som hovudregel skal t-skjorta vera utanpå buksa, medan kvit skjorte skal vera oppi buksa.

Stell/vask av uniformsdelar:
NB! Hugs å vaska dei kvite tinga på ein slik måte at dei blir verande kvite !
Når korpset skal stilla i uniform skal sjølvsagt klea vera reine, fine, heile og i rett størrelse, og dei skal leverast nyvaska tilbake til korpset når ein skal bytta til anna størrelse eller ein leverer dei inn fordi ein sluttar i korpset. 

Musikantane må sjølv skaffa seg:
Svarte sko
Svarte sokkar
Svart bukse
Kvit skjorte/bluse med krage
- svarte sko, sokkar og bukse inngår stort sett i alle "uniformer", dvs saman med kvit t-skjorte, kvit skjorte/bluse og college-jakka

College-jakken vert brukt når ein reiser på tur, konkurransar, under marknaden, konsertar, i kyrkja m.m.

Aspirant-bekledning

Aspirantane frå utdelt kvit korps-t-skjorte som dei skal nytta saman med svart bukse, svarte sokkar og svarte sko, når dei får beskjed om det. T-skjorta skal vera utanpå buksa og ikkje oppi.

Den raude korpsgensaren
Den "gamle" raude korpsgenseren har dei musikantane som ynskjer det fått delt ut til odel og eige. Den er ikkje lenger eit "uniformsplagg", og kan brukast på fritida så mykje ein vil ! Og den kan sjølvsagt nyttast i samband med lodsal, flaskeinnsamling, kalendersal og andre tider der ein ynskjer å visa at ein høyrer til i korpset.  Desse gensrane vert ikkje samla inn att. 

Det er uniformsnemnda som har ansvaret for uniformene i skulekorpset (sjå undermenyen: Styre og nemnder under Korpset). Dei som manglar noko eller som treng noko i ein anna størrelse kan ta kontakt med uniformsnemnda.

For spørsmål ta kontakt med styret eller uniformsnemnda.

Klikk på korpslogoen/huset oppe til venstre for å koma attende til hovudsida/startsida.

   
 

 

 

Fitjar skulekorps