Fitjar Skulekorps
FITJAR SKULEKORPS
 • Korpset    • Årsplanar    • Turar    • Foto    • Lydfiler    • Presseomtale    • Interne skriv    • Ymse    • Dirigent-hjørna    • Aspirant-sider    • Brassanova     • Gjestebok  

 

 

   Ymse
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 035 535

 

 


17. mai-speling i regnfrakkar
 

Skulekorpset og musikklaget spelte tradisjon tru ved flaggheisinga ved rådhuset klokka 08.00. I det første tone av "Ja, vi elsker" runga over parkeringsplassen kom dei første regndråpane, og resten av dagen vart gjennomført med regnfrakkane på.

Juniorane i skulekorpset var saman med hovudkorpset på ein del av programmet på 17. mai og var med å marsjerte og spelte marsjar for første gong. Alle stilte i korpset sine grøne uniformer, bortsett frå nokre av dei som har vorte konfirmert og som stilte i bunad.

Etter flaggheising marsjerte musikkantane til hotellet der dei fekk servert frokost, før det var oppstilling på parkeringsplassen for å spela i toget. 17. mai-toget gjekk forbi både sjukeheimen og aldersheimen og korpset stopte begge stader for å spela nasjonalsongar for bebuarane der. Musikklaget takka for seg då toget nådde kyrkja, medan korpset spelte nasjonalsongar i startan av gudstenesta.
Musikkantane fekk så ein liten pause før dei skulle spele "Ja vi elsker" under kransenedlegginga etter gudstenesta.

I pausen før arrangementet i parken takka juniorane for seg, medan hovukorpset spelte ei avdeling under arrangementet i parken, i tillegg til å avslutta samlinga der med nok ein gong å spela "Ja, vi elsker", medan regnet hølgja ned og dei få som forstatt haldt ut i parken renska halsen og stemde i.

Fleire bilete frå 17. mai kan ein finna i fotogalleriet.

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Klikk på korpslogoen for å koma tilbake til framsida !