Fitjar Skulekorps
FITJAR SKULEKORPS
 • Korpset    • Årsplanar    • Turar    • Foto    • Lydfiler    • Presseomtale    • Interne skriv    • Ymse    • Dirigent-hjørna    • Aspirant-sider    • Brassanova     • Gjestebok  

 

 

   Ymse
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 035 598

 

 



Seminar og konsert med The Brazz Brothers
 
 
 
 
 

12.-13. mars 2011 hadde Fitjar skulekorps invitert med seg andre lokale skulekorps til øvingshelg på Fitjar, med seminar og konsert med The Brazz Brothers.

Laurdag ettermiddag øvde Fitjar skulekorps sama med Sagvåg skulekorps i kultursalen, under leiing av Fitjar sin dirigent Svein Roger Koppang. I 3,5 timar øvde dei på fellesnummera Thriller og Great movie adventures som dei skullle framføra på konserten dagen etter.

Søndag var det øving heile dagen frå klokka 12.0 til konserten starta klokka 19.00. Denne dagen var det seminar med The Brazz Brothers, og då var Langeland skulekorps og Meling og Våge samarbeidskorps med i tillegg til Fitjar skulekorps og Sagvåg skulekorps. Denne dagen sat det rundt 85 korpsmusikkantar på scenen. Saman med The Brazz Brother spelte dei utan notar og ved å apa etter dei røynde musikarane øvde skulekorpsmusikkantane inn 3-4 songar som dei skulle framføra på konserten i kultursalen same kveld.

Foreldre i korpset stod for matsal i foajeen heile helga.

Konserten laurdag kveld starta med fellesnummera Triller og Great movie adventures under leiing av Svein Roger Koppang. Etter det overtok karane frå Sunnmøre med ein forrykande brass-konsert det verkeleg svinga av. Det heile vart avslutta med nummera som skulekorpsa hadde øvd inn saman med The Brazz Brothers.
Godt over 200 menneske sat i salen. Dei såg ut til å trivast med det dei fekk høyra og gav korpsa ståande applaus til slutt.

Du kan lesa meir om helga under Presseomtale.

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Klikk på korpslogoen for å koma tilbake til framsida !