Fitjar Skulekorps
FITJAR SKULEKORPS
 • Korpset    • Årsplanar    • Turar    • Foto    • Lydfiler    • Presseomtale    • Interne skriv    • Ymse    • Dirigent-hjørna    • Aspirant-sider    • Brassanova     • Gjestebok  

 

 

   Turar
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 035 540

 

 



Spania -10

20.-26. juni 2010 var skulekorpset på jubileumstur til Calella i Spania.

Sidan skulekorpset feirer 50-årsjubileum i år slo dei på stortromma og inviterde musikkantar og føresette med på tur til Spania. Der skullle korpset delta på musikkfestivalen "3rd International Musical Band Festival - City of Calella" i byen Calella like nord for Barcelona.

4 aspirantar, 30 musikkantar, 24 føresette og dirigent Svein Roger Koppang vart med på turen, som vart eit minne for livet for dei som var med.

Programmet var variert og det var satt av god tid til bading og soling og andre fritidsaktivitetar.

Korpset deltok på to konsertar i festivalteltet, var med på parade gjennom gatene i Calelle og spelte ein utekonsert ved kyrkja.

Konsertprogrammet bestod av:
Månemannen, Tir n'a noir, Beat it, Heal the world, Luna, Dog Days, I hønsegården, Hip to be square og Fresh. Korpset hadde og med seg marsjane When Johnny comes Home, Jubilant March og Red Rock March. I tillegg til dette var aspirantane solistar på Spania. Korpset fekk svært gode tilbakemeldingar etter sine opptredenar.

Korpset hadde ei eiga sommartilpassa uniform på denne turen, som bestod av raud caps, raud t-skjorte og svart bukse/shorts eller skjørt.

Ein dag vart nytta til sightseeing med buss og guide i Barcelona, med besøk på Camp Nou eller Park Guell, stopp på eit utsiktpunkt og litt gatevandring med shopping.

Flott bassengområde på hotellet, Hotel Kaktus Playa, fin strand i gangavstand frå hotellet og nokre og tjue grader i lufta oppmuntra til mykje bading og soling.

Dei som ikkje var metta av bading i bassenget og i Middelhavet tok ein dagstur til badelandet Water world, der både små og store kunne boltra seg i mange ulike basseng og sklier.

Som eit minne frå turen fekk musikkantane med seg heim ein medalje som dei kan henga på uniforma si.

Du kan sjå fleire bilete frå turen ved å gå inn i Fotogalleri i hovudmenyen, og klikkar du deg inn på Presseomtale kan du lesa ein artikkel om turen i Fitjarposten.

   

Jubileumstur  








Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Klikk på korpslogoen for å koma tilbake til framsida !