Fitjar Skulekorps
FITJAR SKULEKORPS
 • Korpset    • Årsplanar    • Turar    • Foto    • Lydfiler    • Presseomtale    • Interne skriv    • Ymse    • Dirigent-hjørna    • Aspirant-sider    • Brassanova     • Gjestebok  

 

 

   Ymse
    - Populær heimeside - med over ein million treff
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 035 563

 

 

 





Populær heimeside - med over ein million treff
 
 
 
 
Hausten 2018 passerte heimesida til Fitjar skulekorps 1 000 000 treff, og dette ynskte styret i korpset å markera med ein liten "konkurranse".

For ni år sidan oppretta Fitjar skulekorps ei eiga heimeside for å kunna nå ut og informera medlemma og dei føresette på ein god og effektiv måte og å ha all informasjon om korpset samla på ein stad. I tillegg var målet å ha ein stad der alle med interesse for korpset kan sjå og lesa om litt av det korpset held på. Heimsida har vore mykje i bruk og har blitt svært populær. Då sida nerma seg 1 million treff hausten 2018 ynskte styret i korpset å markera dette ved å gje ei lita påskjønning til den som kunne dokumentar at ein var besøkjande nummer 1 000 000 eller eventuelt den første etter millionen.  Kva nummer besøkjande ein er vises nedandfor all teksten i det lysegrøne feltet på venstre sida. Der står det: Antall besøk på siden:x  xxx xxx

Det tok nokre treff før første doumentasjon kom. Heile 123 treff. Men så på treff nummer 1 000 123 tikka det inn ei melding til korpset, og den heldige vinnaren av milliontreffet vart
KARI KONGLEVOLL PRESTBØ.
Skulekorpset gratulerer!

Kari har fått overrekt premien som var ein kopp med den talande påskrifta:
CEEP CALM AND PLAY MUSIC.

Pr 26. oktober 2018 har heimesida 1 020 935 treff, og det blir ikkje lengje til styret i korpset annonserer ny konkurranse, så følg med...



Utskriftsvennlig versjon

 

 

Klikk på korpslogoen for å koma tilbake til framsida !