Print this page


Med lokal kraft i kvar tone!
x
 

Fitjar kraftlag støttar Fitjar skulekorps.



Fitjar skulekorps tel pr 1. september 2018  50 musikantar (46 stk i hovudkorpset og 4 aspirantar), i alderen 8 til 20 år. Korpset held eit høgt nivå og deltek i konkurransar i 2. divisjon. Det kostar å driva skulekorps, og korpset er avhengig av velvilje og støtte frå bygda; frå einskildpersonar, frå kommunen og frå næringslivet. Korpset har gjennom alle år hatt mange trufaste støttespelarar, og Fitjar kraftlag er ein av desse.

Fitjar kraftlag støttar almennyttinge føremål, og då særleg tiltak retta mot barn og unge i kraftlaget sitt forsyningsområdet, og som kan koma alle til gode. Slik sett er korpset godt kvalifisert til å motta støtte frå kraftlaget.

Dette året har Fitjar kraftlag gått inn som Fitjar skulekorps sin samarbeidspartnar og har bidrege med ei god støtte som saman med andre innsamla midlar er med på å sørgja for at korpset har nok, og gode nok, instrument til alle dei flinke og ivrige musikantane i korpset.

Fitjar skulekorps er svært takksame for å ha Fitjar kraftlag med som støttespelar!