Fitjar Skulekorps
FITJAR SKULEKORPS
 • Korpset    • Årsplanar    • Turar    • Foto    • Lydfiler    • Presseomtale    • Interne skriv    • Ymse    • Dirigent-hjørna    • Aspirant-sider    • Brassanova     • Gjestebok  

     
  Aktuelt:
     
- Plan for austen
2016 m/vaktliste
Les mer...
     
- Fitjar
kulturskule
Les mer...
     
- Fitjar
skulekorps
Les mer...
     
- Kontakt
oss
Les mer...
     
- Bruk
av bilete
Les mer...
     
- Loppemarknad
i oktober
Les mer...
     
- Finn du ikkje
det du leitar etter her...
Les mer...
     
- Grasrotmidlar
Støtt skulekorpset når du tippar!
Les mer...
     
- Passord og innlogging
Treng du tilgang til lukka sider? Bruk snarvegen "Bli medlem" under her (for korpsmedlem og føresette).
Har du gløymt passordet ditt kan du få det tilsendt ved å gå inn på "Logg inn" (lenger nede her til venstre på sida), og så klikka på "tilsendt her". Har du problem med å logga inn avdi du synes det er vanskeleg å hugsa passordet?

Les mer...
Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 604 908

 

 


Fitjar skulekorps si heimeside
er både ei intern side for dei som høyrer til i korpset og ei offisiell side for alle som har interesse for korpset.
Les mer...


NM-bilete 2016
NM-bilete 2016
Ein kan no bestilla NM-bilete for 2016. NB! Kort frist !
Les mer...


Ny, oppdatert haustplan
Ny, oppdatert haustplan
Ny oppdatert halvårsplan for skulekorpset er no lagt ut. Det vert øving med sosialt mandag 3. oktober. Då er aspirantane og invitert. Vidare vert det mellom anna øvingshelg, loppemarknad og årsfest siste helga i oktober og deltaking i Sotrafestivalen i november.
Les mer...


Innsamling av lopper
Innsamling av lopper
Skulekorpset arrangerer loppemarknad laurdag 29. oktober i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Måndag 22. august tek komiteen imot lopper på Osternes skule. Det er og mogleg å levera inn lopper torsdag 27. oktober i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Loppemarknaden er registrert som ei hending på facebook. Søk gjerne opp hendinga og invitert med fleire :-)
Les mer...


Flott oppstart

Flott oppstart
Skulekorpset starta haustsemesteret med oppstartsseminar siste helga i september. Ei helg fylt med øving, god mat, tur, opptreden og litt søvn. Det starta med to dagar med øving i kultursalen før båtar frakta korps og instrument til Fodno der det var sosialt samvær og overnatting før deltaking med speling under friluftsgudstensta som markerte årets søndagsskuledag på Fitar. Alt svært vellukka på alle vis ! ! !
Les mer...


Var med på vegopning
Var med på vegopning
Torsdag 30.juni var mange av musikantane i skulekorpset, saman med musikantar frå musikklaget, med å spela i samband med opninga av vegen frå Rimbareid til Osltjørna.
Les mer...


Kjekk sommartur
Kjekk sommartur
I foto-mappa 2016 kan ein sjå diverse bilete frå NM og sommarturen 2016. La det vera til inspirasjon til å ta fram instrumentet og blåsa litt i ferien og :-) (ev slå litt, for dei som høyrer til i "kjøken-avdelinga" )
Les mer...


1. DIVISJON  ! ! !

1. DIVISJON ! ! !

Les mer...


17. mai 2016
17. mai 2016
Fitjar skulekorps fylte, tradisjon tru, Fitjarbygda med flotte korpstonar både inne og ute under den lokale nasjonaldagsfeiringa, som i år var av det tørre slaget.
Les mer...


Glitrande kultursprisvinnarar i kyrkja
Glitrande kultursprisvinnarar i kyrkja
Kulturprisvinnaren Fitjar skulekorps glitra med fantasiske musikalske framføringar under kyrkjekonserten Vitae Lux i Fitjar kyrkje torsdag 17. mars 2016.
Les mer...


Trekningslista
Trekningslista
for marknaden til skulekorpset er no offentleggjort og dei mange flotte gevinstane er fordelt.
Les mer...


Vellukka øvingshelg i Uskedalen
Vellukka øvingshelg i Uskedalen
Mykje øving, mykje sosialt, litt i minste laget med søvn, mykje latter og glede og ein flott konsert gav skulekorps ein flott og god start på 2016.
Les mer...


Øvingshelg og konsert i Uskedalen
Øvingshelg og konsert i Uskedalen
Uskedalen Utvikling har skreve to artiklar på nettet om Fitjar skulekorps si øvingshelg saman med Uskedalen skulekorps i Uskedalen 8.-10. januar 2016.
Les mer...


Sommarspel
Sommarspel
Svein Roger Koppang inviterer interesserte musikantar til sommarspel i august.
Les mer...


Synlighetspris
Synlighetspris
Det har dryssa mange prisar og premiar over Fitjar skulekorps det siste året og det er no blitt klart at skulekorpset og mottek NMF sin synlighetspris i samband Korps på tur-arrangementa i år.
Les mer...


Strålande flott julekonsert
Strålande flott julekonsert
Torsdag 3. desember hadde skulekorpset og Fitjar barnegospel ein strålande flott julekonsert for fullt hus i kultursalen.
Les mer...


Kulturprisen til skulekorpset !
Kulturprisen til skulekorpset !
FITJAR SKULEKORPS er tildelt Fitjar kommune sin Kulturpris for 2015 !
Les mer...


4. plass i 1. divisjon !
4. plass i 1. divisjon !
Fitjar skulekorps debuterte i 1. divisjon under Sotrafestivalen 2015 med 92 poeng for det musikalske og 8 poeng for programmet og ein strålande 4. plass !
Les mer...


Vellukka årsfest
Vellukka årsfest
Skulekorpset hadde ein vellukka årsfest på Rimbareid skule søndag 15. november. I tillegg til å feira korpset og året som har gått vart det markert at korpset i år er 55 år og at korpset vann 2. divisjon i NM for skulekorps i Stavanger i juni.
Les mer...


NM 2015
NM 2015
No kan du sjå og høyra opptak av Fitjar skulekorps si framføring av Lake of the Moon under NM for skulekorps i Stavanger i juni 2015. Korpset kom på 1. plass i 2. divisjon brass med denne framføringa.
Les mer...


Bilete
Bilete
frå "Korps på tur til Stokksneset" søndag 27. september 2015.
Les mer...


Nok ein vellukka korpstur!
Nok ein vellukka korpstur!
"Ut på tur med korpset til Stokksneset" var ein stor suksess og samla mykje folk. Sola skein, korpset spela flott og stemningsfult både her og der, 4H grilla gode pølser og foreininga for Osternes festning tok dei som ville med på ei spennande reisa i festningsområdet.
Les mer...


Korpsmusikantane
Korpsmusikantane
kosar seg i friluft, etter mykje god øving i langt frå optimal luft...
Les mer...


Rosande domarord
Rosande domarord
"Godt korps med gode solister og drivende godt slagverkspill", var oppsummeringa til ein av domarane etter Fitjar skulekorps si framføring av Lake of the Moon på NM-scena i Stavanger.
Les mer...


Til topps i NM !
Til topps i NM !
Fitjar skulekorps er Noregsmeistrar ! ! !
Les mer...


Bilete frå friluftsturen
Bilete frå friluftsturen
til Rimsvarden, via parken og Kongsbrønnen.
Les mer...


Flott  med korps på friluftstur
Flott med korps på friluftstur
Eit femtitals personar, inkludert ordførar Wenche Tislevoll, var med på skulekorpset sin første friluftstur som gjekk frå Parken, via Kongsbrønnen til Rimsvarden torsdag 28. mai. Det vart ein flott tur på trass av lav temperatur og regn i lufta, og for mange var høgdepunktet på turen då korpset lot Highland Cathedral lyda utover den vakre Fitjarbygda.
Les mer...


Spennande temaøving
Spennande temaøving
Måndag 18. mai hadde skulekorpset temaøving, med tema dyr. Det var mange spennande dyr å sjå i korpsrekkene, lyden var som alltid god og i pausen var det god, sunn, spennande og dekorativ dyremat :-)
Les mer...


Vått,
Vått,
men flott, korps, under nasjonaldagsfeiringa på Fitjar. Skulekorpset vart lagt merke til og vart nemnd både i Fitjarposten og Sunnhordland sine 17. mai-artiklar frå feiringa på Fitjar.
Les mer...


17. mai 2015 - Biletserie
17. mai 2015 - Biletserie
På 17. mai spelte Fitjar skulekorps under flaggheisinga framfor rådhuset, i toget frå parkeringsplassen via Fitjar bu- og behandlingssenter til kyrkja, under gudstenesta i kyrkja, ved kransenedlegginga på kyrkjebakken og i toget frå kyrkja til Fitjar kultur- og idrettsbygg. På trass av at regnet hølja ned store deler av dagen leverde skulekorpset flott 17. mai-musikk som aldri før.
Les mer...


Opna korpstreffet
Opna korpstreffet
Med si "afrikanske" entring av scenen opna Fitjar skulekorps årets korpstreff på Stord på ein ny og orginal måte.
Les mer...


Vellukka marknad - Trekningsliste
Vellukka marknad - Trekningsliste
Kultursalen var stappfull. Skulekorpset med aspirantar, Fitjar barnegospel og Sagvåg skulekorps stod for flott musikk. Det var mykje god mat og mange fine gevinstar. Nok ein velluka marknad er dradd i hamn takka vera god innsats frå foreldra og musikantane i korpset, og aktivitets- og økonominemnda ynskjer å takka alle som hjalp til med marknaden på ulikt vis!Trekningslista finn du her..
Les mer...


Storbandkonserten Swing&Chill
Storbandkonserten Swing&Chill
Storbandkonserten Swing&Chill fekk god pressedekning både i forkant og etterkant av konsertane. Både Sunnhordland og Fitjarposten skreiv reportasje frå skuleframsyninga.
Les mer...


Bilete
Bilete
frå storbandkonserten Swing&Chill med Fitjar skulekorps med solistar, fredag 20. mars 2015.
Les mer...


Pengegåve til korpset
Pengegåve til korpset
Fitjar skulekorps fekk denne veka ei pengegåve på heile 75 000,- frå Sparebanken vest. Pengegåva kjem godt med og korpset takkar for støtta!
Les mer...


Stemningsfull julekonsert
Stemningsfull julekonsert
Fitjar skulekorps og Fitjar barnegospel hadde felle julekonsert torsdag 4. desember på Fitjar bedehus. Eit vellukka samarbeid og ein vellukka konsert spekka med musikalske talent og julestemning.
Les mer...


Stor sukess med Balle Frost
Stor sukess med Balle Frost
Fitjar skulekorps og Fitjar kulturskule si storsatsing denne hausten, oppsettinga av musikalen Balle Frost, har vore ein stor suksess !
Les mer...


Nye aspirantar på årsfest
Nye aspirantar på årsfest
Under den flotte årsfesten til skulekorpset søndag 9. november fekk ein for første gong høyra dei 9 nye aspirantane i samspel med skulekorpset.
Les mer...


Til topps i Bømloblåsen ! ! !
Til topps i Bømloblåsen ! ! !
Fitjar skulekorps reiste heim frå Bømloblåsen med tre pokalar i bagasjen; førsteplass, solistpris og eit napp i den stor vandrepokalen som korpset får ha "til låns" i eit år ! Du kan lesa artikkel om konkurransen under Presseomtale og du kan sjå bilete frå konkurransen under Foto.
Les mer...


Omtale i Sunnhordland
Bladet Sunnhordland har skreve om Fitjar skulekorps sin siger i Bømloblåsen i helga. Dei som abonerer på avisa kan logga seg inn og lesa saka på nettet.
Les mer...


Vellukka loppemarknad
Vellukka loppemarknad
Uendeleg mange lopper, stort oppmøte, godt sal av mat og lopper gav skulekorpset verdifulle korpskroner i kassen.
Les mer...


Søndagsskulens dag
Søndagsskulens dag
Fitjar skulekorps deltok med flott musikk under markeringa av søndagsskulens dag i starten av september. Korpset spelte under utegudstenesta i Moahagen, dei marsjerte fremst i toget frå Moahagen til bedehuset og dei spelte ein marsj ved bedehuset.
Les mer...


Øvingshelg, august 2014
Øvingshelg, august 2014
Skulekorpset hadde ei god øvingshelg på Rimbareid skule i slutten av august, med øving i gymnastikksalen, pizza og sosiale aktivitetar, overnatting i nybygget og konsert søndag ettermiddag.
Les mer...


2. plass i NM !
2. plass i NM !
Fitjar skulekorps kom på 2. plass i NM for skulekorps, 2. divisjon brass, i Trondheim i juni. Ein flott prestasjon som det er vel verd å jubla for !
Les mer...


God og fin gjennomkøyring
God og fin gjennomkøyring
Skulekorpset hadde ei flott gjennomføring av NM-stykket sitt The dark side of the moon, under kulturskulen sin sommarkonsert måndag 16. juni.
Les mer...


Flott vaffelkonsert
Flott vaffelkonsert
i revyteltet, med Fitjar skulekorps, aspirantane i Fitjar skulekorps og Fitjar musikklag, laurdag 14. juni 2014.
Les mer...


17. mai 2014
17. mai 2014
Tradisjon tru spelte Fitjar skulekorps under flaggheisinga ved rådhuset om morgonen. Vidare leia dei an i toget med flotte marsjar, dei spela nasjonalsongar ved sjukeheimen og aldersheimen, bidrog med ekstra flott korpsmusikk i kyrkja, spelte under kransenedlegginga og under arrangementet i idrettshallen.
Les mer...


Bilete frå Musikalkonserten
Bilete frå Musikalkonserten
som skulekorpset hadde i februar finn du i fotogalleriet, ved å klikka på "les mer" her..
Les mer...


Kjekk marknad
Skulekorpset arrangerte kjekk marknad med god mat, fin musikk og mange flotte gevinstar i kultursalen 6. mars 2014.
Les mer...


Svært vellukka musikalkonsert
Svært vellukka musikalkonsert
Fitjar skulekorps hadde saman med solistar og dansarar ein svært vellykka musikal-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg søndag 16. februar.
Les mer...


Joy to the world
Joy to the world
Skulekorpset arrangerte julekonserten Joy to the world, saman med Fitjar barnegospel torsdag 5. desember, i kultursalen.
Ein stemningsfull førjulskveld, skreiv Fitjarposten etter konserten.

Les mer...


Sotrafestivalen 2013

Les mer...


Årsfest 2013
Skulekorpset hadde ein flott årsfest i gymnastikksalen på Øvrebygda skule søndag 10. november, med flott korpsmusikk av hovudkorpset og aspirantane, revedans, allsong, god mat, biletserie frå korpsåret 2012/2013 og stjerne-, medalje- og heidersmerke-utedelingar.
Les mer...


Spelte på marknad
Fitjar skulekorps spelte på Fitjar musikklag sin marknad torsdag 24. oktober 2013.

Programmet var langt og rikhaldig med innslag ved ulike ensemblegrupper i tillegg til heile korpset.

Høgdepunktet for mange var framføringa av Ylvis-låten The Fox.

Les mer...


Opninga av Midtfjellet vindpark
Fitjar skulekorps gjorde seg bemerka under opninga av Midtfjellet vindpark tysdag 17. september 2013.

Korpset spelte både under opningssermonien i Midtfjellet, ved mølle B7, og foajeen i kulturhuset i samband med lunsjen som var der.

Les mer...


Vellukka loppemarknad
Vellukka loppemarknad
Fitjar skulekorps arrangerte loppemarknad i kultursalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg laurdag 7. september. Loppemarknaden var vellukka og overskotet kjem godt med i den vidare drifta av korpset.
Les mer...


Nådde målet
Nådde målet
Fitjar skulekorpset kom dit dei ville under NM-oppkøyringa og leverte eit svært godt konkurranseprogram under NM skulekorps brass i Stavanger 22. juni 2013. Prestasjonen haldt til ein flott 5. plass med 90 poeng.
Les mer...


Bilete frå NM
Bilete frå NM
Det er lagt ut NM-bilete i fotogalleriet.
Les mer...


Superheltøving
Superheltøving
Fitjar skulekorps starta oppkøyringa til NM med superheltøving måndag 27. mai.
Laurdag 22. juni deltek korpset i NM for brass-skulekorps, i Stavanger konserthus.

Les mer...


17. mai
17. mai
Fitjar skulekorps gjorde ein flott figur under 17. mai-feiringa på Fitjar 2013. Korpset spelte ved flaggheising ved rådhuset kl. 08.00, i toget, under gudstenesta i kyrkja, ved kransenedlegginga på kyrkjebakken og under arrangementet i idrettshallen.
Les mer...


Draumekonsert for fullsett kyrkje!
Draumekonsert for fullsett kyrkje!
Fitjar skulekorps arrangerte konserten "Songs from a secret garden" i Fitjar kyrkje laurdag 20. april. Over 200 stykke fekk med seg konserten der Osternes mannskor og ei dansegruppe frå kulturskulen deltok i tillegg til korpset sjølv.
Les mer...


Godt nytt år ! ! !
Godt nytt år ! ! !
Skulekorpset spelte flott til juletregangen under den store juletrefesten i idrettshallen første søndag i januar.

Korpset starta det nye øvingssemesteret måndag 7. januar, og semesteret vert avslutta med sommartur og deltaking i NM i Stavanger i slutten av juni.

Les mer...


Julafta -12
Julafta -12
Skulekorpset, dirigert av Ragnhild Prestbø, spelte julesongar medan folk samla seg til den første gudstenesta i Fitjar kyrkje på julafta. Til preludium spelte dei Eit barn er født i Betlehem. Det festpynta korpset "trylla fram" mange fine juletonar og var med det med på å skapa fest og høgtid i kyrkja denne dagen.
Les mer...


Sotrafestivalen 2012 - Korpskonkurranse
Sotrafestivalen 2012 - Korpskonkurranse
Musikantane og dirgienten jublar over 100 poeng og 3. plass på Sotra. I 2011 kom dei på 1. plass i tredje divisjon. I år kom dei overraskande, men vel fortent, på 3. plass i 2. divisjon!!!
På øvinga måndag 19. november vert det feiring av 3. plassen. Instrumenta kan få kvila seg heima, for det vert ingen speling på øvinga denne dagen. Aspirantane er invitert med og feiringa varer til ca. kl. 19.00.

Les mer...


Strålande 3. plass!
Strålande 3. plass!
Fitjar skulekorps kom på ein strålande tredje plass i 2. divisjon for brass-korps under Sotrafestivalen laurdag 17. november 2012.
Sjå artikkel i Fitjarposten om konkurransen, sjå bilete i fotogalleriet og les helsingar/gratulasjonar til korpset i gjesteboka.

Les mer...


Foajekonsert
Foajekonsert
Fleire av skulekorpset sine messingblåsera deltok på kulturskulen sin foajekonserte i oktober. Under konserten fekk ein mellom anna høyra ein ess-bass og ein ess-kornett i spennande samspel.
Les mer...


Øvingshelg, Litlabø
Øvingshelg, Litlabø
Musikantane i Fitjar skulekorps er på øvingshelg på Litlabø skule denne helga. Der kosar dei seg med sosiale aktivitetar, god mat, ein del snop, soving på oppblåsbare flatsenger, gruppeøvingar, fellesøvingar og padling i kano og kajakkar. Musikantane skal hentast på Litlabø kl. 18.00 laurdag kveld. Søndag føremiddag skal dei møta i kyrkja kl. 10.30 i vanlege kle for å spela under søndagsskulens dag.
Les mer...


NM i Stavanger  2012
NM i Stavanger 2012
Fitjar skulekorps kom på ein fantastisk andre plass i NM for brass-skulekorps i Stavanger laurdag 23. juni. Korpset spelte stykket The Bold and the Brave av iren Richard Rock og fekk heile 95 poeng. Fitjar skulekorps deltok i 3. divisjon saman med 12 andre korps. Det var Sandnes skulekorps som vann denne divisjonen med 96 poeng.

Les mer...


Sommarkonsert med urframføring
Sommarkonsert med urframføring
Fitjar skulekorps deltok med NM-programmet sitt på kulturskulen sin sommarkonsert i kultursalen torsdag 14. juni. Korpset urframførte då det spesialskrevne stykket The Bold and the Brave av den irske komponisten Richard Rock.
Les mer...


Våt 17. mai-speling
Våt 17. mai-speling
På grunn av regnbygene på 17. mai måtte musikkantane ha regnfrakkar utanpå uniforma i år. Ein del hadde ikkje med seg regnfrakk og ein del hadde vokse utav regnfrakken sin. Det vart delt ut regnfrakkar i all hast før spelinga tok til, og uniformsnemnda vil no gjerne ha ein oversikt over kva størrelse dei forskjellige musikantane har på regnfrakken sin.
Les mer...


Korpstreff
Korpstreff
Fitjar skulekorps deltok på korpstreff i Stord kulturhus torsdag 26. april. Under konserten mottok korpset ein gåvesjekk på 10 000,- frå Sparebanken vest.
Les mer...


Filmkonsert
Filmkonsert
Filmkonserten som korpset arrangerte laurdag 21. april 2012 var svært vellukka og ei stor oppleving for både musikantane og publikum.
Les mer...


Marknad 2012
Marknad 2012
Skulekorpset arrangerte ein kjekk og vellukka marknad i gymnastikksalen på Rimbareid skule torsdag 3. mars 2012. Både juniorkorpset og seniorskorpset til Fitjar skulekorps spelte kvar si avdeling. Fitjar musikklag var gjester og spelte to av songane frå ABBA goes brass. Elles var det sal av årer og lodd på bøker, sal av hot dog, kaker, bollar, lappar og kaffi, og det var god tid til prat og drøs rundt borda. Vel 160 stykker kom og hadde ei kjekk kveldsstund saman om korpset. Fitjar skulekorps ynskjer å takkar alle som var med å støtta korpset ved å koma, ved å kjøpa mat og å kjøpa lodd.
Les mer...


Juniorøvingshelg
Juniorøvingshelg
Aspirantane og juniorane deltok på ei kjekk seminarhelg på Hystad skule 17.-18. februar 2012. Øvingshelga vart avslutta med konsert for slekt og vener.
Les mer...


Desember
Desember
Søndag 11. desember deltok skulekorpset på julekonsert i Fitjar kyrkje. Korpset imponerte med fin julemusikk, flinke solistar og flott "englesong".
Skulekorpset deltok og med juletonar på den første gudstenesta på julafta.

Les mer...


Julegrantenning
Julegrantenning
I samband med at julegranna skulle tennast stilte skulekorpset opp i nissehuer og spelte julesongar i sentrum søndag ettermiddag. Dei spelte både utanfor Larsen, utanfor Rydland, ved aldersheimen og inne på sjukeheimen. Fakkeltoget vart avlyst grunna storm og orkan-kast. Det vart heller ikkje gang rundt juletreet, men korpset spelte flotte juletonar i samband med at lysa på grana i sentrum vart tent klokka 17.00 av 9. klasse og ordførar Wenche Tislevoll.
Les mer...


TIL TOPPS IGJEN ! ! !
TIL TOPPS IGJEN ! ! !
Både Fitjar skulekorps og juniorkorpset deltok på Sotrafestivalen laurdag 19. november. Juniorkorpset mottok hederleg omtale i si bedømming. Hovudkorpset gjekk nok ein gong til topps i 3. divisjon brass. I tillegg gjekk solistprisen til Anne Lunde, og korpset fekk eit napp i vandrepokalen for høgast poengsum i konkurransen.
Les mer...


Årsfest
Årsfest
Skulekorpset hadde øvingshelg 11.-13. november og avslutta helga med flott årsfest i kultursalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg.
Les mer...


Kjempekjekk junior-øvingshelg
Kjempekjekk junior-øvingshelg
på Rimbareid skule, med 21 musikantar frå Fitjar juniorkorps og Stord juniorkorps.
Les mer...


Jublar over 4. plass i NM
Jublar over 4. plass i NM
Fitjar skulekorps kom på ein sterk fjerde plass i 3. divisjon i NM for skulekorps i Stavanger forum laurdag 18. juni 2011. Korpset fekk 93 poeng for framføringa av konkurransenummeret sitt Dakota.
Les mer...


Flott speling på våt 17. mai
Flott speling på våt 17. mai
Skulekorpset og musikklaget spelte tradisjon tru ved flaggheisinga ved rådhuset klokka 08.00. I det første tone av "Ja, vi elsker" runga over parkeringsplassen kom dei første regndråpane, og resten av dagen vart gjennomført med regnfrakkane på. På tross av surt ver var korpset med og skapte fin 17. mai stemning med sine brass-tonar både i toget, ved kyrkja og i parken.
Les mer...


Festframsyning
Festframsyning
Fitjar skulekorps spelte under festframsyninga på Stord vidaregåande skule i samband med Norsk kulturskoleråd - Hordaland sitt årsmøte på Stord, torsdag 31. mars 2011.
Les mer...


Brazz brothers-dagen på nett-tv
Brazz brothers-dagen på nett-tv
Sunnhordland nett-tv syner opptak frå seminaret og konserten med The Brazz brothers 13. mars 2011.
Les mer...


Vellukka seminar og konsert med The Brazz brothers
Vellukka seminar og konsert med The Brazz brothers
To dagar med intens øving, over 80 musikkantar på scenen og ein forrykande konsert som avslutting..
Les mer...


Øvingshelg med konsert
Øvingshelg med konsert
Fredag 11. mars til laurdag 12. mars hadde juniorane og aspirantane ei kjekk øvingshelg på Hystad skule saman med juniorane i Stord skulekorps. Øvingshelga vart avslutta med ein flott konsert.
Les mer...


I radioen
I radioen
Dirigent Svein Roger Koppang vart intervjua i NRK Hordaland si føremiddagssending måndag 24. janaur.
Les mer...


Positiv omtale i pressa
Positiv omtale i pressa
Fredag 21. janaur kunne ein lesa om Fitjar skulekorps, som har gått "Frå bar bakke til første plass på tre år", både i papirutgåva og på nettsida til avisa Sunnhordland.
Les mer...


Fitjar skulekorps til topps
Fitjar skulekorps til topps
Fitjar skulekorps gjekk til topps i 3. divisjon under Sotrafestivalen 20. november 2010. Korpset fekk 98,5 poeng og domarane seier i sin kommentar at korpset spelte veldig bra, og gav dei skryt for god dynamikk, god ballanse og solid spel. Korpsmedlemmene kan logga seg inn og lesa domarkommentarane under interne skriv. Alle kan lesa meir om konkurransen under Presseomtale - Sotrafestivalen.
Les mer...


Fitjar skulekorps 50 år

Fitjar skulekorps 50 år

Les mer...


Korpset spelte på samling for nye innbyggjerar
Korpset spelte på samling for nye innbyggjerar
Måndag 25. oktober deltok skulekorpset på samlinga for nye innbyggjarar i Fitjar med ei flott konsertavdeling i kultursalen. Høgdepunktet under konserten var heilt klart framføringa av Gabriellas song med Marthe V. Nordfonn som songsolist. Neste post på programmet for korpset, bortsett frå vanlege øvingar, er jubileumshelga 12.-13. november.
Les mer...


 Jubileumstur til Spania
Jubileumstur til Spania
20.-26. juni 2010 var Fitjar skulekorps på ein svært vellukka jubileumstur til Calella i Spania.
Les mer...


Sommarkonsert
Sommarkonsert
Aspirantane og skulekorpset deltok på kulturskulen sin sommarkonsert 3. juni med eit flott musikalsk program.
Les mer...


Flott 17.mai-speling
Flott 17.mai-speling
Skulekorpset deltok som vanleg med flott korpsmusikk under 17. mai feiringa i Fitjar sentrum.
Les mer...


Korpstreff, Stord
Korpstreff, Stord
Skulekorpset deltok på korpstreff på Stord torsdag 22. april 2010.
Les mer...


Kulturmønstring
Kulturmønstring
Skulekorpset deltok på kulturmønstring i Fitjar kultur- og idrettsbygg laurdag 17. april.
Les mer...


Kjekk marknad
Kjekk marknad
Skulekorpset arrangerte ein kjekk marknad torsdag 18. mars.
Les mer...


Øvingshelg august 2009
Øvingshelg august 2009
Korpset hadde øvingshelg og deltok under søndagsskulens dag siste helga i august.
Les mer...


Sommartur til Ålgård
Sommartur til Ålgård
Skulekorpset var på sommartur til Ålgård 19.-21. juni 2009.
Les mer...


Korpstreff
Korpstreff
Skulekorpset deltok på Korpstreff på Stord torsdag 7. mai.
Les mer...


På nett!
På nett!
Fitjar skulekorps har no fått si eiga heimeside.
Les mer...


Nyheter fra musikkorps.no:

Kragerøkonferansen 2017 – programmet er klart
sor-2016-program-kragerokonferansen-2017-bilde

Kragerøkonferansen går av stabelen 7. – 8. januar 2017, og inneholder mange interessante kurs og foredrag for dirigenter, styremedlemmer og tillitsvalgte.


Les mer...
   

 

 

Klikk på korpslogoen for å koma tilbake til framsida !